Kamprapport: 22. Mai 2007 mot Hafslo

Mandag kveld var det på papiret ein solid tropp på 15 mann som skulle i veg. Det siste kvarteret før avreise var fadesen eit faktum. 11 spelbare kara sto på kaien. Ein kan ha unnskyldningar og forklaringar, men med 28 mann i stallen kan umogleg det store mannefallet forklarast med skadar. Ein bestemte seg for å ikkje bruke meir energi på denne delen av kampen. Men det kan nemnast at om ein ikkje prioriterer felleskapet, senkar ein også terskelen for at ein moglegens må nyte bortekamp i Aurland på benken ein regntung haustkveld.

Vi bestemte oss for å sikre bak i starten og unngå ei opning ala Aurland. Humøret var godt og det såg ut til å verta ein fin dag for fotball. Målsettinga var; ikkje sleppe inn meir enn 3... Alt anna var bonus. Sjølv om vi holdt tett bak, fekk vi slett ikkje ein god start på kampen. Etter 5 minutt låg to manni fosterstilling på benken. Fredrik med ein ankel som var rund som ein ball og Roy Kenneth med blodet strøymande frå nasa. Det såg med ein gong noko mørkare ut på papiret. Men tru det eller ei, så hadde balestrand spelet, sjølv med ni mann i arbeid. Med litt flaks hadde vi hatt en-null. Roy Kenneth kom etterkvart til hektene igjen, og kjempa seg tappert gjennom kampen på tross av mykje juling. Fredrik var også på bana, men då meir som ein haltande, tapper formalitet for å halde moralen oppe. Etterkvart vart vi forståeleg nok sletne, og Hafslo tok meir og meir over. Dei køyrde ikkje over oss, men kom etterkvart til fleire halvsjansar. Så fekk Hafslo sin første corner. Vi mista konsentrasjonen og ein påle frå indrebygdi var høgst. #21 var sjanselaus, men forbanna. Eit unødvendig mål, men kjem som eit resultat av at vi var David mot Goliat. Omgangen held fram med ordinært spel frå begge lag. Hafslo får eit "råtamål" til på ein døball vi ikkje er heilt med på. I pausen er stemningen meir positiv og nøktern enn den har vert dei tidlegare kampane. Vi er einige om å kjempe vidare, og at evt. mål i mot skrive vi på rekninga til heimesittarane. Arnstein har kjempa bra gjennom kampen og vi vert ikkje overraska om han lurer inn eit par bakvegen idag også – vi vart overraska over kor svake Hafslo var; Med andre ord er ikkje kampen køyrt. Strategien er å holde tett i første 30, for så å prøve å gi meir gass framover om vi har meir å gi i slutten. 2 omgang vert blese igang, og det går litt for kort tid før dei lure inn ein dødball til. Men moralen i laget held seg heldigvis - og #21 bestemmer seg for at nok er nok. No er buret stengt. Men nokre klasseredningar held han nullen etter dette, og vi innser at ein er nærare 4 enn 1 til oss. Men så som lyn frå klar himmel driblar Arnstein av 3-4 svimle Hafslobygdingar, og Sondre får ein relativ eksklusiv moglegheit...men det vart desverre med det. Resten av kampen kjempar ein seg igjennom. Roy Kenneth får kraftig juling og skruknottar frå Hafslo set stygge merker faretruande langt oppover beina... 2. omgangs einaste skot på mål er det Anders som står for frå midtbana. Keeper vert like overraska som resten, men bergar situasjonen på eit vis. Kampen ebbar ut, og det vart ingen stor dag for fotball. Men ein dag med tapre karar som la ned ein solid jobb under kommerlege forhold.

Spelarevaluering

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Høgreback

Viser framgang, og er begynt å gjera det enklare for seg sjølv strategisk. Sørgar for etterlengta pausar i hektiske perioder med gode avklaringar.

Arnstein

Karakter: 5
Posisjon: Spiss

Ein utakknemlig kamp, stakkar. Men bit tenna saman, og står på. Lite å jobbe på og mykje meiningslaust. Gjer nesten jobben då han er nær å legge opp ferdig servert til Sondre.

Arve

Karakter: 5
Posisjon: Sentral Midtbane

Gjer jobben og står bra kampen ut. Ingen ekstraordinære prestasjonar i dag. Skal ha cred. for å halde håve kaldt på trass av omgjevnadane.

Eirik Kvam

Karakter: 5
Posisjon: Høgreving

Har fått trent bra og vert skadefri ei stund. Var til tider skikkeleg på hugget og bedre venn med ballen enn på lenge. Til tider var det også antydning til flammar i duellane, men kan enno bli litt meir "bad guy" før det gjer noko.

Fredrik Smenes

Karakter: 3
Posisjon: Venstreving

Får poeng for innsats og innstilling. Men hinkar rundt utan å kunne gjera den store forskjellen. Ein trear er sterkt på ein fot. Forsinkar og stoppar utruleg nok ein del Hafslo-angrep.

Kjell Rune

Karakter: 7
Posisjon: Keeper

Årsbeste av Sværen. Viser endeleg kven som er sjef i feltet og skremmer Hafslobygdingane med både stemme og fryktlaus enstré. Har fleire klasseredningar som held oss inne i kampen. Er kanskje litt passiv på eine cornermålet..? Begynner å bli bedre på utspark, men må finpusse endå litt.

Peter

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midtbane

Får ikkje spele "med sine kort" i dag. Havnar i samme kategori som Arve; "ein grei dag på jobb". Mistar litt fokus i 2. omgang og brukar meir energi på dommar enn seg sjølv. Har enno litt å gå på når det gjeld å trøkke til; blir meir ta enn å gi.

Roy Kenneth

Karakter: 7
Posisjon: Midtstoppar

Krigar så blodet sprutar. Får mykje juling, men eg trur nok ein og anna indresogning har klovmerker frå Rendedal gard ikveld også. Gleden i dag er at heile laget kjempar bra saman, men om ein skal kåre ein BB vert det han.

Senad

Karakter: 6
Posisjon: Venstreback

Gamlefar viser kven som er eldst. Jobbar og spring opp den eine ungfolen etter den andre. Trur kanskje trance'n i bilen er noko av ungdomskilda.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Tilbake frå langt skadeavbrekk, og ber til ei viss grad preg av dette. Vert litt snill sett i forhold til hingsten frå vetlefjorden. Pratar bra, og finspelet kjem nok etterkvart...

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midtbane

Er periodejobbar, med nokre vel lange pauser på feil side av ballen. Men er flink å samle laget, og skal ha sin del av æren for arbeidet.