Kamprapport: 2. September 2008 mot Anga

Kampfakta:
BIL (3-5-2)
Geir Harkjerr
Gustav Nesse, Tommy Ese (kapt), Teodor S. Kvikne
Madushanka Perera, Sven Arne Lundeby, Johannes Nilsson, Ole Petter Haugstvedt, Roar Eriksen
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes,
Res: Magnus Algrøy, Senad Demirovic, Sondre Skrede, og Roy Kenneth Rendedal.

9-2 (4-1)

1 – 0 Ole Petter Haugstvedt (3.min)
2 – 0 Ole Petter Haugstvedt (5.min)
3 – 0 Arnstein Menes (7.min)
4 – 0 Arnstein Menes (17 min)
4 – 1 (41.min)
5 – 1 Roar Eriksen (50.min)
6 – 1 Øyvind Neset (51.min)
7 – 1 Arnstein Menes (53.min)
8 – 1 Arnstein Menes (64.min)
8 – 2 (82)
9 – 2 (Senad Demirovic (85.min)

Dommar: Jon Arild Rømmen, banas beste i 1.omgang. Auka underholdningsverdien når han kom ned på sitt vanlege nivå i 2.omgang. Er truleg den største kultfiguren i 6.divisjon…

Med avdelingsmesterskapet i boks vart kampen mot Anga eit pliktløp. Ein femminuttperiode med god fotball i kvar omgang var alt Johannes Nilsson sine elevar trong for å knuse dei gulkledde bygutta frå Førde.

Fyrste omgang starta med tre mål på sju minutt. Etter det var det liten tvil at poenga skulle gå til gutane frå perla ved Sognefjorden. Det sa seg vel sjølv at det kunne bli vanskleg å halde dette skåringstempoet oppe resten av kampen, og det viste seg å halde stikk. Etter 17. minutt var avdelingsmeistarane ferdigskåra i denne omgang. Dei løpa som mange hadde gått på i byrjinga av kampen vart meir og meir fråverande. Og når presisjonen på pasningane i tillegg datt ned på old boys nivå vart det heller smått med finspel og mål.

Pausen såg ut til å gjere det blåkledde heimelaget godt. I alle fall i ein liten periode. Med tre raske mål viste laget igjen nokre glimt av kva som kan bli eit veldig godt fotballag. Forståleg nok vart det vanskleg å halde motivasjonen oppe resten av kampen. 9 – 2 var ikkje eit mål for lite for heimelaget, men kanskje eit par mål for mykje for bortelaget.

Skal ein sjå litt bak resultatet er det fleire ting å ta tak i. For det fyrste så bør ein bli flinkare til å sett fleire av dei store sjansane ein skaper. Til tider slit laget og med dårleg samhandling og presisjon på både pasningar og løp.

Det skal likevel seiast at det er positivt å vinne så overlegent på ein dag der ein har ein del å gå på. Dette lovar bra for framtida!


Spelarevaluering

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 4

Lagar fire mål. Er meir bevegleg enn på lenge og viser tydleg at han vil skåre mål. Gjer ein god jobb som oppspelspunkt.

Geir

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Har nesten ikkje noko å gjere på. Bør kanskje ta det andre målet til Anga. Flink til å dirigere forsvaret.

Gustav

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar, midtbane

Slår litt for ofte upresist og langt når han spelar stoppar. Er vanskleg å komme forbi og vinn dei fleste duellane. Trygg med ballen når han spelar på midtbana i 2.omgang.

Johannes

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Spelar godt i 1.omgang. Litt meir problem med presisjonen utover i kampen.

Madushanka

Karakter: 4
Posisjon: høgre kant

Blir nesten høgreback i periodar av 1.omgang. Slit med å gå på løp uten ball. Betre når han spelar sentralt på bana..

Magnus

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Blir ikkje sett heilt på dei store prøvane. Viser at han har bra oversikt og er trygg med ballen.

Ole Petter

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane
Mål: 2

To mål på dei fyrste fem minutta. Bør nok ha eit par til. Viser nokre glimt av sin klasse. Kor mange mål hadde ein topptrent og samspelt Ole Petter skåra???

Roar

Karakter: 5
Posisjon: Venstrekant
Mål: 1

Får til nokre fine kombinasjonar og er trygg med ball. Lagar eit fint mål og jobbar godt.

Roy Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Høgrekant

Greit innhopp. Gjer ikkje mykje ut av seg. Kunne nok ha vore nytta meir. Må bli flinkare til å slå ballen frå seg.

Senad

Karakter: 4
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Stod parkert i offside dei minutta han spelte. Feiringa av målet dreg opp…

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Venstrekant

Trivst ikkje på venstre kanten. Får ikkje teknikken heilt til å stemme. Kjempar godt.

Sven Arne

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Gjer eit positivt intnrykk. Gjer mykje bra med ball og har fleire fornuftige løysingar. Vil bli ein bra forsterkning for laget når han blir endå meir samspelt.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Vinn alt av duellar som vanleg, men slit i store periodar med å få rett adresse på pasningane

Tommy

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Ein kamp på det jamne. Viser at han er sjef når det trengst

Øyvind

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

BB. Lagar eitt mål, men bør minst ha tre til. Er den som spring mest og jobbar best på BIL. Har fleire gode innvolveringar i forkant av mange av måla.