Kamprapport: 31. August 2007 mot Sogndal 3

Det var ein stek stall som tok tuen til sogndal denne flotte fredagen, i følge Øyvind den sterkeste på ei årrekke, så trua på seier var stor. Kampen blei spelt i Sognehallen, på kunstgras nett slik vi lika det. Fra første sekund verka det som BIL hadde roen, og spelte godt innan laget, spesielt i midtbaneleddet. BIL kom ikke til dei veldig store sjangsane, men spelte likevel mykje god fotball! Men som skjer det slik som det ofte gjer… Sogndal kjem i angrep, ballen kjem til slutt i føtene på BIL-forsvaret, men klarer ikke klarere skikkelig. Ballen treff ein SIL-spelar som skyt frå 18-20 meters hold og i mål. UFORTJENT 1-0 ledelse.
Bil fortsett med det gode spelet sitt, og det gjer uttelling. Kort tid etter målet kjem BIL i angrip, og om eg ikke huskar rett er det stuss frå Arnstein midt på SIL sin banehalvdel (Som vant 95% av duellane!) som treff Øyvind, han tek ballen fint med seg og smett igjennom forsvaret og set ballen i mål, 1-1!
Dette vert resultatet til pause.

2. Omgang startar ikke like bra for BIL som 1. Sogndal heng meir med på spelet og kjem til ein del angrep. Ganske tidlig får dei corner, denne skrur dei inn på keeper, og dessverre hadde #29 litt såpe i hanskene og glepp ballen, og den rotar seg inn i mål. 2-1 til Sogndal.
Etter dette verkar det som BIL detter heilt av. Sogndal slår mykje langt og kjem til fleire angrep og har også mykje av spelet. BIL hadde likevel fleire sjangsar på dødball til å utligne. På den eine smelte vår ellers solide Johannes ballen på halvvolley over mål fra 3 meter! SIL sine angep gir etterkvart resultat og dei avsluttar eit flott angrep med ein stuss som går i mål, 3-1 til sogndal ca. midt i 2. Omgang.
BIL klarer aldri komme heilt tilbake, og kampen blir blåst av og tapet er eit faktum. Karadn starta fenomenalt bra, men dessverre kom det to råtamål som gjekk svært hardt innpå dei. Ein anna ting ein kan merke seg er at den ny-innkjøpte Magnus imponerte i debuten som midtstopper!

Spelarevaluering

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Har ikke alt for mykje å gjer på denne kampen. Bør ha kontroll på 2 målet til SIL. Har fått inn teknikken på 5-meteren, og bidrar også med lange utspark.

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Back

Grei kamp av Dale. Klareringsslegga sit som vanlig, men slit litt med dei hurtige vingane til SIL

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Back

Som vanleg tøff i duellane - og viser at det kanskje er backplassen som er heimebane...

Tommy

Karakter: 6
Posisjon: Stoppar

Forsvarskongen vår. Gaula som vanlig til halsen ikke klara meir. Har og nokre taklingar det luktar svidd av! Må ut midt i 2. Omgang pga. sjukdom?

Magnus

Karakter: 6
Posisjon: Stoppar

Kanon debut! Viser at han har mykje å bidra med. Har roen bak og gjer ikke mykje feil. Om han hadde brukt stemma meir hadde han klatra opp i 7’aren! Men skal ærlig innrømme at det sikkert ikke er lett å åpne munnen når ein debuterer med
stopparkollega Tommy tyl!

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Spring som vanlig mykje! Kjem til ein del gode raid på sida. Grei kamp av veteranen.

Rein

Karakter: 6
Posisjon: Sentral Midtbane

Han og Johannes finn verkeleg tonen på midten. Spring og slit mykje! God kamp av Rein.

Johannes

Karakter: 7
Posisjon: Sentral Midtbane

Eit hakk over dei fleste i 6. Divisjon. Har god teknikk, blikk og spelar godt i lag med Rein på midten. Krigar godt på midten med Rein.
BB i dag!

Roy Kenneth

Karakter: 6
Posisjon: Ving

Spring som vanlig mykje, og gir alt. Held kanskje til tider litt for lenge på ballen.

Øyvind

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Grei kamp. Spring ikke så mykje som vanlig, men likevel godkjent. Ein av dei få som bruka stemma si. Scorer også eit mål i dag! Utfordra vel etterkvart toppscorertittelen..

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss

Vinn meir eller mindre alt på hovudet i dag og er ein god targetman! Enda eit lite hakk til han finn scoringsformen frå det lange skadeavbrekket.

Kristian

Karakter: 5
Posisjon: Back

Grei kamp. Gjer ikke store feila, men også han slit litt med dei raske vingene.

Henning

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Kjem inn som eit frisk pust på vingen i 2 omgang. Kjem dessverre inn i ein dårlegare periode der BIL ikke kjem til for mykje angrep.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: 14

Kjem inn på vingen og spring mykje. Kan kanskje av og til gjer ting litt lettare.

Tor Inge

Karakter: 5
Posisjon: Back

Kjem inn som back i 2. Omgang, er småsjuk og spelare derfor ikke så mykje. Men godkjent kamp for å vere sjuk.