Kamprapport: 21. August 2007 mot Veitastrond

So var det tid for tur inn i der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Før kampen var det, som vanleg ved desse turane, ein del spelarar som hadde vondt i viljen og hadde lagt fram meir eller mindre vasstette forklaringar på kvifor dei ikkje ville vera balestrandspelarar denne kvelden. Johannes lurte fælt på kva som skjer når me ei veke i førevegen stille 20 mann på kamp, og ei veke etterpå er det so vidt me har 11 klar til kamp - utan at eg kunne gi noko bedre forklaring enn det spelarane hadde lagt for dagen. Likevel var det eit, på papiret, sterkt lag både i moral og i forballferdigheiter som sette kursen innover.



For dei som hadde sin første tur til Veitastrond, var det nokre bleike fjes so steig ut frå bilane. Ikkje heilt utan grunn kanskje; for dei uinvidde er vegen til Veitastrond like brei som gangvegen neaføre Fjærestad, og svingete som Saurdalsvegen, med 80sone - med tunellane utan lys som eit ekstra spenningsmoment.



Kampen åpna friskt. Og om Balestrendingane ikkje hadde hatt skjegler under oppvarminga, var det nok å ta av no. Strondingane vart rundspelte dei første 20 minutta, før dei kom i gang. Då vart enten me slitne, elle so vakna dei ...kanskje ôg begge deler. Drepande effektive og gode var dei på dauballane, og vips var storspelet vårt snudd til to imot og traureg spel...



Andre omgang heldt fram slik so første slutta. Før ein jypling av ein stronding fann ut han skulle begynne å grisetakle utan å sjå på klokka. Tommy Tyl vakna, og saman med han steig aggresiviteten i laget. Showet var i gang. Johannes hadde no kome til hektene etter den vel eksotiske bilturen, og putta etter eit flott raid. Strendingen heldt fram med grisespelet sitt, som kunne kosta både ei og to fotballkarrierer denne kvelden. Synd at ein mann øydlegg totalintrykket for eit fairspelande lag som Veitastrond eigentleg er. Grisespelet gjorde no ikkje at Tommy Tyl vart tammare saman med stopparkollega Pedersen. Både språk og taklingar vart teke opp eit nivå. Dommaren, som meinte strondingen spelte reint og fint, kunne sjølvsagt ikkje akseptere tylne kara utpå plenen. Difor fekk Tommy gult kort for å ha på seg gullsmykke.



Viss eg då ikkje hugsa heilt feil, sette svensken igang et nytt raid, og hadde en fin assist til Mohammed. Hugsa litt dårleg nett korleis målet kom - sia temperaturen i bakerste ledd var tett oppunde smeltepunktet for både eitt og hitt. Gamlefar sjølv fekk også gult kort for å spenne vekk ballen etter dommaren hadde blese. Den regelen gjaldt viss ikkje for strondingen som tok reprise tett etterpå...



So kom taklingen som me prata om på haimatteturen. Dampen sto utav øyrene på Tommy Tyl då han sette inn ein jordfresar på ein-nullaren. Heldigvis var ballen mydlo, so taklingen gjekk (kanskje noko tilfeldig?) rett inn i læreboka. Kort etter det vart det slutt på dei seine taklingane etter eit bytte på Strondi, og kampen endra karakter. Balestrendingane mista aggresiviteten, og på tross av ca 3 enorme sjansar til Balestrand, kom Veitastrondi inn atte i kampen. Dei gode strondaspissane til slutt fill vinnarmålet, etter dei også hadde spelt seg til ei rekke store sjansar...og kampen ebba då ut, med ein knapp Veitastrondsiger.



Alt i alt var det nok ein fortjent, men knapp siger til Veitastrond. For Balestrand sin del var det nok eit vinnarlag som gjekk av bana, medan dei som kunne gjort forskjellen satt heime og naut finværet. For å vise at vi set pris på spelarane som representerer og kjempar for BIL også på dei seige bortekampane valde fotballgruppa å spandere pizza på spelarane som stilte til kampen. Me hadde difor ein svært hyggeleg time på Dollyen i Sogndal med god mat og drikke, før me sette kursen heimatte til heimbygdi.



Spelarevaluering

Arnstein

Karakter: 5
Posisjon: Spiss

Har vert ute med skade og sleit litt. Uvanleg lite effektiv ifh. til tidlegare i sesongen. Bør ha minst eitt!

Arve

Karakter: 5
Posisjon: Midt

Spelar stort i starten av kampen, men fell saman med laget etter dei første 20. Byttast ut pga. beinhinnebetendelse etter ca. 25. Hadde gjort seg med eit tak på kondisen.

Johannes

Karakter: 7
Posisjon: Midt
Mål: 1

Nok ein stor kamp av svensken. Spelar godt saman med alle ledd i laget og sprer tryggheit. Kanskje den einaste utan sklitakling idag? Teknikk og oversikt som er sjeldan vare i desse kampane.

Kjell Rune

Karakter: 7
Posisjon: Keeper

Ein meget god kamp av sisteskansen - kanskje årsbeste. Er trygg i både feltarbeid og på streken. Reddande engel ved fleire høve. Meinar sjølv han kanskje burde redda siste, men det er under sterk tvil.

Kristian

Karakter: 6
Posisjon: 18

Held bra tett på sida, sjølv om han i likehit med resten av forsvaret har ein glipp i ny og ned. Taklar so det luktar svidd ved eit par høve, men stort sett reint. Fekk karrierens første gule kort i ved eit motsett høve.

Mohammed Taher

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Årsbeste. Bidrar også meir defensivt enn vanleg, og klarer å halde fokus ved dei fleste høve. Gjer jobben på målet, sjølv om også her kunne uttellinga vert større.

Rein

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Endeleg i slag. Spelar bra - og sjølv om kondisen kanskje ikkje er på topp - står han på og har god teknikk og kontroll... Litt periodespelar, men har sammen med resten av midtbana ein god dag på jobben.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Midt

Likar seg nok bedre på kunsten heime reint teknisk - men kjepar som ein svolten rev. Spelar tøft og får mykje juling. Ein av dei som stiller sjølv om han er småskada og bidrar for laget.

Senad

Karakter: 5
Posisjon: 9

Vår eldste har nett kome atte frå ferie, eller treningsleir, alt itte so. Spelar aldri ein dårleg kamp, men har nok spelt bedre enn i dag. Likevel pluss for mindre offsidar og godt samspel med Johannes - som fører til mange fine angrep på venstresida.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Back

Slit litt med å få demt opp sida si. Ruser litt, og blir spelt ut ved ein del høve. Kan ha noko med potetrolla han har fått. Hever seg utover kampen, og er den i forsvaret som bidreg (mest) framover på bana. Tek til å få rutine, og blir bedre strategisk for kvar kamp!

Tommy

Karakter: 7
Posisjon: 26

Arbeider knallhardt, taklar, skrik, spring og spelar med smykke. På tross av kun eit fåtal treningar bidreg han med vilje og et temprament som held oss inne i kampen og er reddande engel ved fleire høve. Er den som moralsk sett i stor grad dreg oss til 2-2. BB idag.

Lars Jonas

Karakter: 5
Posisjon: Stoppar

Spelar kampen med strekk i låret, men ror det greit i land ved dei fleste høve. Har likevel nokre hårreisande feil og horrible avklaringar. Slikt vert det litt usikkerheit i laget av. Vert redda av Tommy. Svar femmar, benken mot Norane..?