Kamprapport: 26. Juni 2007 mot Hafslo

Kampfakta:
BIL (4-3-3)
Kjell Rune Sværen
Kristian Kyrvestad, Teodor S. Kvikne, Tommy Ese, Sondre Skrede
Arve Sjøthun, Tor Inge Fedje, Rein Arne Isane
Roy Kenneth Rendedal, Øyvind M. Neset, Senad Demirovic,
Res: Anders Dale, Kennet B. Rosengren, Henning Skåden, Eirik Thue og Eirik K. Goksøyr.

0-1 (0-0)
0-1 (55 min.)

Dommar: Jarle Andersen frå Syril gjorde ein grei kamp og gjer seg ikkje spesielt bemerka. Ein av dei som gjer minst feil på bana, utan at det treng å tyde så mykje på dette nivået…..

Det var serieleiarane frå Hafslo som vitja perla ved Sognefjorden denne fine og varme tysdagskvelden. Dei gule fekk vist seg fram som eit robust og solid lag som vann ein grei siger mot eit noko tannlaust heimelag som fekk svært lite til framover på bana.

Fyrste omgang var til tider jamnspelt og BIL hadde omgangen sin største sjanse når Roy Kenneth kom heilt åleine med målmannen til serieleiarane. Dessverre klarte keeperen på eit eller anna vis å slå ballen til kårner. Det vart med denne store sjansen til Lars Jonas sin menn i denne omgangen, Hafslo på si side kom til ein tre, fire halvsjansar.

Andre omgang vart stort sett eit einaste langt gjeeeesp. Indresogningane skåra sitt mål etter litt rot og nøling i forsvaret til BIL og hadde stort sett grei kontroll på kampen etter det. Einaste unnataket var ein stor sjanse etter eit skudd/pasning frå veteranen Eirik Thue som Henning Skåden fekk ein styring på. Uheldigvis gjorde keeperen til Hafslo nok ein gong ein flott redning og det heile enda med ein resultatlaus kårner.

Dessverre var det nok slik at dettte sitatet frå sidelinja oppsummerte omgangen ganske godt:
”Her var det ikkje mykje anna enn kaffien som varma”. Dette vart sagt etter at soli hadde gått ned….

Ser ein kampen under eitt så var innsatsen heilt grei . Dette er likevel ikkje nok, sjølv ikkje i 6.divisjon, når passningane og avklareringane altfor ofte manglar rett adresse. Når ein kombinerer dette med få iniativ uten ball vert det nesten umogleg å få til godt spel og å vinne fotballkampar.


Spelarevaluering

Øyvind

Karakter: 4
Posisjon: Spiss, midtbane

Spelar ein omgang som midtspiss uten å vere involvert i spelet. Betre på midtbana, men kjem seg aldri heilt inn i kampen der heller.

Tor Inge

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Står på, men det blir mykje som resten av laget, upresist og for få iniativ.

Tommy

Karakter: 6
Posisjon: S

Dagens kaptein pratar mykje og vinn dei fleste duellane. Plasserer seg stort sett rett, men har fortsatt for stor feilprosent på passningane sine.

Theodor

Karakter: 7
Posisjon: Stoppar

Er suverent BIL sin beste. Vinn alle duellane og plasserer seg godt. Er trygg når han klarerer. Hadde han truffe betre med passningane og klareringane sine hadde han spelt ein perfekt kamp!

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Back, midtbane

Stort sett ein grei kamp, klarer seg best som back. Slit, som resten av laget, med avklareringane og passningane.

Senad

Karakter: 3
Posisjon: Ving, back

Er ikkje alltid like heldig i vala sine. Passningane treff nesten ikkje i det heile.

Roy Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Ving, midtbane

Bør skåre eit mål. Gjer ein del feil val med ball. Kjempar bra, men kjem litt til kort i dei mange duellane.

Rein

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Kjempar godt og vinn ein del duellar. Bra teknisk, men elles slit han og med presisjon og manglande iniativ.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Back

Vinn mange duellar. Kjempar godt men er ikkje spesielt presis med avklareringar og passningar.

Kjell Rune

Karakter: 4
Posisjon: Keeper

Var litt usikker og nølande nokre gonger, men har og nokre gode innvolveringar.

Kenneth

Karakter: 3
Posisjon: Ving

Kjem ikkje til sjansar og er ikkje heilt ven med ballen.

Henning

Karakter: 3
Posisjon: 37

Bør skåre mål på sin store sjanse. Er elles nesten usynleg.

Eirik Kvam

Karakter: 3
Posisjon: Ving

Spelar lite og overbeviser ikkje heilt om at han bør spele meir.

Eirik

Karakter: 5
Posisjon: Spiss, midtbane

Gjer eit godkjent come back. Roleg og sikker med ballen. Er ein av få som faktisk treff på opptil fleire passningar. Skapar eit par sjansar med skåtfoten sin.

Arve

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Kjempar bra, får det ikkje heilt til å stemme likevel. Prøver å gjere noko fornuftig med ballen, men med få iniativ vert det vanskeleg å slå gode passningar….

Anders

Karakter: 4
Posisjon: Back

Gjer lite ut av seg og treff ikkje like godt med godfoten som vanleg.