Kamprapport: 19. Juni 2007 mot Aurland/Lærdal 2

Det opna så bra. Arnstein sette straffen etter at Martin Egil vart klypt ned innaføre sekstenmenteren. Vi heldt fram med å spele fin fotball, og var i alle fall på høgde med Aurlendingane. Men ein ting var Aurlendingane avgjerande mykje bedre enn oss på; å score mål. Ein ikkje heilt uvesentleg del i fotball. Me måka over og mislukkast aleine med keeper. Aurlendingane utnytta dei fleste moglegheitene godt og var effektive mot eit Balestrandforsvar som kanskje sleit litt med underlaget og sjølvkjensla.

Spelarevaluering

Anders

Karakter: 4
Posisjon: back

Etter to gode kampar sleit han litt denne kampen. Men noko kan skuldast ein til tider offensiv ving. Men avklarar godt...

Senad

Karakter: 3
Posisjon: Venstreving

Jobbar på, men øydlegg eindel for seg sjølv og andre med å gå i openlys offside ei rekke gonger.

Tommy

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Slit litt med posisjoneringa saman med stopparkollegaen, og begge ligg for ofte på linje. Bommar på ei head-avklaring som gir Aurlandmål

Tor Inge

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midt

Kjem innpå som eit friskt pust, men får likso ikkje meir ut av det... Men vert spenande til hausten etter ein sommar hjå gryta hennar mor og rein luft i turistbygda.

Martin Egil

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midtbane

Kandidat til BB, men hadde for mange 100%ara som øydelegg heilskapen. Men er tid tider stor på bana, og blir klypt som graset på balahaugen til stadigheit. Mister nesten litt besinnelsen, og soleis eit pluss for god underholdning :-)

Mohammed Taher

Karakter: 4
Posisjon: 7

Er god teknisk og er meget viktig framover, men jobbar litt lite heim, og sutrar litt i duellane. Likevel ein god kamp av teknikaren.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midt

Er verkeleg på hugget, men må slipast litt teknisk. Har kvitta seg med delar av butcher-imaget, men trykker godt til i duellane han går i.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Slit med samspelet med Tommy. Snakkar også litt lite, men er tøff og stort sett stabil. Får ein matcha desse to kan det verte tett bak. Men då må dei opp med sjølvkjensla, praten og kommunikasjonen.

Arnstein

Karakter: 4
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Puttar målet, men er kanskje meir anonym i denne kampen... Er likevel eit solid oppspelspunkt. Får kraftig juling av Aurlendingen og må gå av bana siste ti minutta, og sove på sjukehuset i Lærdal.

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midt

Jobbar og slit i kjent stil, skal vel også putte eit mål eller to. Mottaka sit som ein unge etter ein kilo smågodt. Likevel mykje positivt her. Trekk pga. at han ikkje tok hattrikk, slik planen var...

Lars Jonas

Karakter: 3
Posisjon: Stoppar

Kjem innpå siste minutta og bidreg ikkje så mykje...men held nullen i tida han er inne

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Back

BB idag, under tvil. Er bakanforliggande årsak til tredje målet etter driblelysta vart for stor i ein overgang. Men er knalltøff, og jobbar som ein ekte superhelt...

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Legg atte både sokkar og pengar, men kjem innpå med forventingar til tverlegarskot. Vert desverre anonym, og trivst kanskje best på kunstig heimegras...

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Sentral midt

Er enno ikkje på hugget etter mykje skader, men har bra holdning - men står litt vel ofte att med sjegget i postkassa etter rusing i duellane. Manglar litt confidence - som går på bekostning av basic mottak og avlevering. Jobbar likevel hart og hevar håvet. Hoppar sporty inn på litt ukjent sentralmidtbaneplass.

Kjell Rune

Karakter: 3
Posisjon: Keeper

Best i båten denne dagen. Har sett han mykje bedre. Kunne iallefall teke eine målet, og slit med utsparka på graset. Kan prate meir til stopparane og hjelpe dei med posisjoneringa.