Kamprapport: 12. Juni 2007 mot Norane

Kampfakta:
BIL (4-3-3)
Kjell Rune Sværen
Teodor S. Kvikne, Kristian Kyrvestad ,Tommy Ese, Anders Dale
Arve Sjøthun, Øyvind M. Neset, Sondre Skrede
Kenneth Rosengren, Arnstein Menes, Senad Demirovic,
Res: Martin Egil Fuglestad, Mohammed Taher Jano, Peter Førsund og Roy Kenneth Rendedal.

11-1 (7-0)

1-0 Arnstein (11 min)
2-0 Senad (23 min)
3-0 Øyvind (24 min)
4-0 Arnstein (25 min)
5-0 Arnstein (35 min)
6-0 Roy Kenneth (36 min)
7-0 Peter (45)
8-0 Mohammed (52)
9-0 Arnstein (72)
10-0 Anders (82 min)
11-0 Mohammed (89 min)
11-1 Ølmheim (90 min)

Dommar: Frank Heggestad frå Veitastrond gjorde ein grei kamp og er truleg ein av 6. divisjon sine betre dommarar, sjølv om ikkje alle på BIL var like einige i straffen på overtid…

Forventningane til kampen mot divisjonens desiderte botnlag var siger og helst eit målkalas med på kjøpet. Desse forventningane var til fulle innfridd i ein av dei største heimesigrane i BIL si soge.

Det tok 11 minutt før BIL fann vegen til nettmaskene. Då fant Arnstein , som no har ni mål på to kampar mot dei gulekledde, ut at nok fekk vere nok og plaserte ballen sikkert i mål. Kanskje vart han ekstra motivert då han rett før skåringa høyrte speaker seie at det var nettopp han som hadde det elevte minuttet som sitt minutt i skåringsklubben. På tribuna fekk ryktet/spøken om avtalt spel bein å gå på når det og vart opplyst at premien var røykelaks frå Menes røykeri…

Etter det forløysande fyrstemålet fekk heimelaget kampen inn i sitt spor. Spelarane vart litt rolegare med ballen og ein klarte til tider å utnytte det store bakrommet som Norane hadde. Tre mål på tre minutt frå det 23. minutt knekte det vetle håpet som indresogningane eventuelt hadde hatt. Frå då av handla kampen berre om kor mange mål menna frå perla ved Sognefjorden kunne klare å putte før kampen var over.

Lars Jonar og Martin Egil sine skåringsglade menn stoppa på sju mål til pause. Sju mål på ca femten sjansar er grei uttelling, men gav likevel eit greit bilete av styrkeforholda mellom dei to laga.

Det virka som om det vart vanskleg å holde trykket og motivasjonen oppe for BIL i andre omgang. Sjølv om det berre tok sju minutt av omgangen før mål nr åtte kom, var dei tjue fyrste minutta heller slett underholdning. Heldigvis så tok det seg litt opp på slutten av kampen slik at skåringsklubbmedlemene fekk noko anna enn den manglande kaffien å snakke om.

Etter skåringsfesten i fyrste omgang lurte alle på om BIL skulle klare å komme oppi tosifra antal mål. Ein periode såg det litt mørkt ut, men då dei offensive spelarane svikta gong på gong bestemte venstrebacken, Anders Dale, at han like godt kunne prøve seg. Resultatet vart ein flott frisparkmål frå nærmare midtbana. Ein flott prestasjon, sjølv om ein noko betre målman truleg hadde tatt skåtet.

Mohammed avslutta skåringsorgien for heimelaget i ein kamp der BIL var best frå start til slutt . I dei beste periodane var BIL rolege med ballen og fekk til nokre gode kombinasjonar. Presisjonen på passningane var og tidvis grei og det var når ein fekk presise passningar i bakrommet at sjansane og skåringane kom. Alt i alt var det ein ok kamp av heimelaget mot ein veldig svak motstandar.


Spelarevaluering

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Venstreback
Mål: 1

Grei kamp. Skårar eit fint mål, bidreg elles lite framover.

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 4

Lagar fire mål utan å komme heilt opp mot sitt beste. Gjer likevel ein bra kamp og her ein grei uttelling på sjansane sine.

Arve

Karakter: 7
Posisjon: 22

God kamp, særleg 1.omgang. Teknikken stemmer og han har fleire gode gjennombrudds passningar.Er ivrig på å skyte uten den heilt store uttellinga.

Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Jobbar godt og står på. Var nær mål eit par gonger.

Kjell Rune

Karakter: 6
Posisjon: Keeper

Lite å gjere, men sikker dei få gongane han måtte i action. Redda straffen i det 90. minutt men fekk liten hjelp på returen. Nær skåring på ein kårner!

Kristian

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Flink i duellspelet. Er blitt flinkare til å plassere seg rett. Har litt å gå på når han har ballen, sjølv om har eit par gode langpassningar.

Martin Egil

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Vinn mykje på midten og er som oftast roleg og sikker med ballen. Bør skåre minst eitt mål.

Mohammed Taher

Karakter: 5
Posisjon: Spiss
Mål: 2

Lagar to mål på ein omgang. Virkar litt uengasjert og har meir inne.

Peter

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane
Mål: 1

Får mykje meir rom og tid til å nytte teknikken sin. Treff betre på passningane sine og er vaken frampå når han skårar på ein retur.

Roy Kenneth

Karakter: 7
Posisjon: Ving, back
Mål: 1

Skårar eit flott mål. Har eit veldig godt innhopp og var eit friskt pust på høgrekanten. Er allsidig, spelar og godt som back i 2.omgang. BB

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Ving
Mål: 1

Er fint framme og lagar eit mål. Kunne ha laga fleire om han ikkje hadde vore så ivrig å springe i offside. Er flink til å gå på løp.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane, forsvar

Er stort sett sikker i det meste han gjer. Prøver og å komme seg framover når han kan. Noko slurvete avklaringar.

Theodor

Karakter: 6
Posisjon: Høgreback

Vinn alt av duellar og viser i tillegg vilje til å bidra framover. Får seg ein trøkk i fyrste omgang og spelar dermed ikkje så mykje. Imponerande å bli så engasjer for ein straffe imot på stillingen 11-0 i det 90. minutt!

Tommy

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Tar tak og er flink til å snakke og få dei andre med seg. Rolegare med ballen, men har fortsatt litt å gå på presisjonen.

Øyvind

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane
Mål: 1

Lagar eit mål og spelar bra den perioden han er på bana. Er nok ikkje heilt nøgd med så lite speletid….