Kamprapport: 5. Juni 2007 mot Veitastrond

Kampfakta:
BIL (4-3-3)
Kjell Rune Sværen
Sondre Skrede, Teodor S. Kvikne, Tommy Ese, Ole Martin Høyrem
Arve Sjøthun, Rein Arne Isane, Peter Førsund
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes, Senad Demirovic
Res: Martin Egil Fuglestad, Eirik Kvam Goksøyr, Anders Dale, Kenneth Rosengren. Mohammed Taher Jano, Olafur E. Nesse og Henning Skåden.

0-3 (0-1)

0-1 (28 min)
0-2 (53 min)
0-3 (89 min)

Dommar: Dommar Rømmen var opp i mot sitt beste nivå utan at me treng å gå nærmare inn på det….

Etter målkalaset på sist heimekamp hadde nok publikum håpa at det var meir enn det fine veret som skulle varme, men det slo ikkje heilt til. Nok av sjansar til BIL var det, men denne gongen ville ikkje ballen inn i nota.

Sjansestatistikken enda 13-13 sett med BIL-auger, men sogndølene frå Strondi vann likevel ein heilt grei siger og fekk vist kvifor dei er eit topplag. Veitastrond er eit fysisk sterkt lag med mange rutinerte spelarar som tok ut akkurat nok i dei avgjerande duellane til å vinne kampen.

Det var fyrste omgang som var den mest underholdane. VIL var det førande laget og det var ikkje heilt ufortent at dei leda 1-0 til pause, sjølv om Lars Jonas sine tropper hang godt med.

Andre omgang glimra finspelet stort sett med sitt fråver. Bortelaget kontrolerte det meste utan å skape noko særleg farlegheitar framfor mål. Dei fekk ein skåring etter kårner som burde vore anulert pga eit frispark mot Øyvind. Etter som omgangen gjekk fekk likevel heimelaget eit par , tre sjansar som fort kunne resultart i mål, men dette var tydelegvis ikkje kvelden for BIL.

Rett før slutt avgjer Veitastrond kanpen for godt etter ein stygg sleiv i heimeforsvaret. Dermed vart det eit 0 – 3 tap for dei blå/kvite i ein kamp der dei i alle fall burde klart å skåre eitt mål.

Til slutt må det nemnast at ein hadde lage ei flott ramme rundt kampen med blant anna speaker og program. Her har verkleg Lars Jonas, Johannes, Kjetil med fleire gjort ein god jobb.


Spelarevaluering

Anders

Karakter: 4
Posisjon: Høgre back

Spelar bra heilt til han tabbar seg ut på 0-3. Gode avklareringar.

Arnstein

Karakter: 4
Posisjon: Spiss

Fekk det tøft mot eit fysisk solid forsvar. Får svært lite å jobbe med. Kan nok likevel engasjere seg meir i spelet.

Arve

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Jobbar bra, men kjem ofte til kort mot dei fysisk sterke motstandarane. Har ikkje heilt dagen med passningsfoten.

Eirik Kvam

Karakter: 3
Posisjon: Ving

Får ikkje vist seg fram noko særleg. Har ein liten tendens til å trekke seg i duellar.

Henning

Karakter: 3
Posisjon: Ving

Blir lite innvolvert. Kan trøkke litt meir til når han har sjansen.

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Var litt på hugget ein periode. Gode løp oig kom til eit par farlege innlegg.. Noko trøblete ballmottak.

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keepar

Hadde fleire gode redningar i 1.omgang. Kan kanskje gjere noko med 0-2 målet og er av og til litt for glad i streken.

Martin Egil

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Kjempar godt og gjer ofte noko fornuftig med ballen.

Mohammed Taher

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Spelar på ein ny posisjon og gjer det til tider bra. Er roleg med ballen og har inni mellom nokre gode passningar. Har ikkje den største løpskapasiteten og forsvinn i slutten av kampen

Olafur

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Kjempar som ingen andre dei få minutta han spalar. Skaper sjansar berre med å vere aggressiv.

Ole Martin

Karakter: 3
Posisjon: Venstre back

Viser stort sett bra innsats, men gjer for mange feil med ball og har litt problem med posisjoneringen. Spelte nok ikkje i draumeposisjonen...

Peter

Karakter: 3
Posisjon: Midtbane

Er fyrst og fremst ein ving, noko som han igjen viser i denne kampen. Vert litt for ”lett” sentralt og slit med presisjonen.

Rein

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Viser små glimt at han vert ein fin tilkomst. Slit med løpskapasiteten. Bør skåre eitt mål i 2.omgang.

Øyvind

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Hadde ikkje dagen. Rusar for mykje i duellane og kjem ikkje opp på det vanlege nivået reint løpsmessig.

Tommy

Karakter: 4
Posisjon: 26

Flink til å prate og viser vinnervilje. Får eit fortent gult kort. Sleit litt med timeingen og laga ein del frispark.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Er ein av få som snakkar. Vinn dei fleste duellane og har ein del gode avklaringar. Er til tider uryddig med ballen. Likevel er han truleg BB.

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Høgreback

Gjer ein grei kamp, men er ofte upresis med ballen. Bidreg lite framover.

Senad

Karakter: 3
Posisjon: Ving

Spring og jobbar greit. Slit med å finne posisjonen sin og har for stor feilprosent på pasningane sine.