|
Geir
Karakter: 5
Posisjon: Keeper
Roleg kveld. Eit par fine redningar på direkte skot. Kan ikke skuldast for måla. På den negative sida kjem nokre dårlege utspark. 5 meterspark skal kunne nå fram til midtbana, andre utspark minimum 10 meter over midtbane. Var på ”Bruce Grobelar” tur ved eit forsøk. Her skal du slå ball bort fra farleg sone eller til medspelar. Pluss for god kommunikasjon med forsvar. |
|
Tommy
Karakter: 7
Posisjon: Forsvar
Klar og tydeleg som sjef i forsvaret. Kommuniserer veldig godt med resten av forsvaret og syter for at forsvaret har ei god linje bak. |
|
Theodor
Karakter: 6
Posisjon: Forsvar
Opnar litt svakt ved første målet til Tambarskjelvar. Spelar seg stort opp etterpå. Veldig gode avklaringar etterkvart og vinn alle hovuduellar i forsvaret. |
|
Eirik
Karakter: 8
Posisjon: 29 Mål: 1
BB. Styrer midtbane etter pause og tek spesielt ansvar etter at Johannes går ut. Roleg med ball. Bruker akkurat nok tid til at han kan vende opp og slå pasning. Har register nok til å kunne variere mellom stikkball fram til spiss, kortpasning på midtbane, lengre pasning til vingspelar på kant eller skyte direkte. Bruker ikkje tid unødvendig til å drible av motstandar men tør å anvansere fram når sjansen er der. Kunne vore litt betre i første omgang. Kjem då litt bak Johannes i spelnivå. |
|
Johannes
Karakter: 0
Posisjon: Midtbane
God i første omgang (7 poeng), men igår kunne han ha teke meir ansvar når det buttar mot for laget midt i andre omgang. Ikkje nødvendigvis i form av innsats – men for tidlegare å gjere korreksjon i laget. |
|
Ole Petter
Karakter: 8
Posisjon: Midtbane/spiss Mål: 2
Ole Petter spelar veldig godt som targetman på topp. Får 8 poeng fordi han er involvert i mange av scoringane til Balestrand. God på frispark, skyt hardt og kan plassere ball i målet. Viser også ved mange høve vilje til å arbeide også godt bakover på bana i første omgang når han er midtbanespelar – men ikkje godt nok til å bli BB. |
|
Øyvind
Karakter: 7
Posisjon: Spiss/Midtbane Mål: 1
Vi meiner at Øyvind spelar best på midtbana (andre omgang). Har her eit mykje større register å spele på og får vere meir involvert. I likheilt med Eirik slår Øyvind mange gode pasningar til kant. Flink til å vende spelet både mot høgre og venstre. |
|
Gustav
Karakter: 7
Posisjon: Forsvar/Midtbane Mål: 2
Fungerer bra i spann med Teodor og Tommy i forsvaret. Gjer stort sett ingen feil. I andre omgang går han fram – og er vel så god - som midtbanespelar og scorar to mål. |
|
Roy Kenneth
Karakter: 5
Posisjon: Midtbane
Fleire fine forsøk i første omgang. Er best framover på bana og bidreg med raske overgangar til at Balestrand får mykje av spelet på venstre kant i første omgang. Har imidleritd ikkje same ro i denne kamp som til dømes Eirik til å gje kampavgjerande pasningar eller mål. |
|
Arnstein
Karakter: 6
Posisjon: Spiss Mål: 1
Vi har sett Arnstein betre i andre kampar. Kunne brukt fysikk enno meir – og kunne då gjerne ha laga 1-2 mål meir. |
|
Sven Arne
Karakter: 7
Posisjon: Midtbane Mål: 2
Spelar etter vår meining ein veldig god siste tredel av kampen. To scoringar trekk han opp til ein 7-ar. Vi skulle ha sett Sven tydlegare i første. |
|
Senad
Karakter: 5
Posisjon: Midtbane
Vil mykje men er litt uheldig med første touch på ballen ved nokre høve. Kan skape noko på eiga hand men avslutningane er ikkje like kontante som dei burde vere. På grensa mot seks poeng. |
|
Magnus
Karakter: 5
Posisjon: Forsvar
Litt smårusk dei første 4-5 minuttane etter han kjem inn – men spelar seg opp i lik med laget og avsluttar godt og solid. |
|
Anders
Karakter: 5
Posisjon: Forsvar
Får berre nokre få minutt speletid og vi har såleis ikkje grunnlag for å trekke opp eller ned i forhold til gjennomsnittskarakter 5. Vert ikkje sett på nokon spesielt prøve i nokre minutt der Tambarskjelvar har gjeve opp. |