Kamprapport: 23. September 2008 mot Sogndal 3

Kraftspissane ordna siger mot gutane frå SIL 3.
Det var gutta med pondus og hår på brystet som stod for nettsusen for det sigersvande heimelaget i kampen mot regionssenteret sin representant i det som i tidlegare tider vart kalla Hansaligaen på folkemunnen. Arnstein laga tre mål medan Ole Petter stod for to. I tillegg var det Ole Petter som vart felt i situasjonen som førte til straffen som keeper Kristian netta sikkert på.

Kampfakta:
BIL (3-5-2)
Kristian Kyrvestad
Gustav Nesse, Tommy Ese (kapt), Teodor S. Kvikne
Madushanka Perera, Eirik Thue, Johannes Nilsson, Ole Petter Haugstvedt, Sven Arne Lundeby
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes,
Res: Magnus Algrøy, Senad Demirovic, Sondre Skrede og Roy Kenneth Rendedal.

6 - 1 (1-0)

1 – 0 Ole Petter Haugstvedt (30.min)
2 – 0 Arnstein Menes (47.min)
2 – 1
3 - 1 Arnstein Menes (63.min, str)
4 – 1 Ole Petter Haugstvedt (70.min)
5 – 1 Kristian Kyrvestad (84.min, str)
6 – 1 Arnstein Menes (90.min)

Dommar: Asbjørn Håre. Er lite synleg, noko som ofte er eit godt teikn. Bør nok gi keeper til SIL 3 raudt når han fell Ole Petter på slutten av kampen. Elles har ein vel sjelden sett så mange droppar i ein seniorkamp på Kreklingen…

Den siste kampen for sesongen i serien enda med ein overtydande siger til eit blåkledd heimelag som kom bra i siget etter pausen.

Fyrste omgang var eit stort gjeeeesp. Stilleståande spelarar som ofte ikkje traff med passningane sine prega kampen. Spissane var lite lystne på noko anna enn å prøve å gå gjennom forsvaret sjølve. Det er som kjent ein vanskleg kunst som få spelarar i 6.divisjon klarar.

Heldigvis for gutane frå perla ved fjorden har dei ein spelar som faktisk meistrar denne kunsten, nemleg Ole Petter. Han brukte både kraft og teknikk og dundra ballen i mål etter ca 30.minutt.

Pausen såg ut til å gjere dei suverene seriemeistrarane godt. Etter pausen betra spelet seg ein del. Passningane satt betre og det var litt fleire løp å slå på. Her er det verdt å merke seg at ein gjorde fleire bytte i denne perioden uten at det gjorde synbare utslag på spelet.

Arnstein var frampå med eit mål eit par minutt etter pausen, men så kom saftgutane frå Sogndal litt meir med i kampen. Dette resulterte i eitt mål på ein av dei særdeles få sjansane dei fekk. Reduseringa såg faktisk ut til å tenne heimelaget. For resten av kampen var det omtrent berre eit lag på bana. Johannes den yngre sitt lag stod på og gav seg ikkje før ein hadde laga seks mål.

Alt i alt var det ein fin gjennomkøyring for heimelaget før dei to viktige kampane om KM tittelen i 6.divisjon. Ein sitt likevel med ein følelse av at laget har meir å gå på. 3 – 5 – 2 systemet sitt framleis ikkje heilt som det bør. Det er og mange som meinar at nokre av spelarane blir brukte i feil posisjonar.

Ser ikkje vekk i frå at Ole Petter hadde spelt endå betre som rein spiss. Der er jo i den posisjonen han var toppskårar for Høyang i 3.divisjon for eit par, tre sesongar sidan. I tillegg ser det ut som om Madushanka spelar betre når han spelar spiss. Å ta deffensive løp har aldri heilt vore greia til Madushanka….

Til slutt gjennstår det å gratulere spelarar, trenarar og støtteaparat elles med ein historisk god sesong. Ni av ni moglege sigrar er ein veldig bra prestasjon. Det er lenge mellom kvar gong at eit lag i Sog og Fjordane vinn alle kampane i serien. Me får berre krysse fingrane for at laget vinn dei to kampane i KM sluttspelet og!

Lykke til!


Spelarevaluering

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 3

Måltjuven frå Menes har vakna i haust. Han har nok hatt godt av auka konkurranse. Lagar tre mål og gjer ein bra jobb. Blir noko stasjonær i 1.omgang og sinkar spelet unødig når han prøver å gå for ofte.

Eirik

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Står på og gjer ein grei kamp. Er innblanda i eit par mål. Når kjem målet?

Gustav

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar, midtbane

Er engasjert og ivrig. Gir alt i duellane. Gjer det best på midtbana, der han får bruka løpsstyrken sin. Gjer nokre feilval og er til tider slurvete i avleveringane sine.

Johannes

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Viser nok ein gong at han verkleg fortener å møte betre lag enn dei som spelar i 6.divisjon. BB

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Spiss

Slit litt med touchen sin og burde ha laga mål. Grei innsats. Er stadig innblanda i sjansar og står bak eit par mål.

Tommy

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Litt smårusk i ein kamp der det er lite å gjere. Får eit fortent gult kort.

Kristian

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Er stort sett trygg når han har ballen. Mange gode utspark. Kunne nok ha avverga målet, men er sikker som banken når han lagar 5 – 1 på straffe.

Madushanka

Karakter: 6
Posisjon: Høgrekant

Spelar faktisk betre enn på lenge i den krevjande rolla på kanten. Er bra med bakover samtidig som han nokre gonger kjem opp og skapar problem for SIL 3 sitt forsvar. Likevel er det noko uforløyst over Madushanka. Potensialet er stort…

Magnus

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar

Er trygg i det meste han gjer og. Treff stort sett med avleveringane sine og vinn alle duellane han er innblanda i.

Ole Petter

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane
Mål: 2

Skyt som ein hest sparkar og er sterk som ein bjørn. Lagar to fine mål og gjer ein bra kamp. Hadde nok skåra meir om han hadde spelt rein spiss og ikkje vorte skada.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant

Treff ikkje med pasningane og gjer ein del feilval. Jobbar godt og er vanskeleg å komme forbi. Ikkje heilt ulikt sist kamp...

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Venstrekant

Greit innhopp. Var veldig ivrig på å lage mål...

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Venstrekant

Grei innsats dei minutta han spelar.

Sven Arne

Karakter: 6
Posisjon: Venstrekant

Gjer mykje bra med ball og viser stort potensiale.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Rufsete til tider. Slit av og til med timingen. Umulig å komme forbi og offrar som vanleg alt. Det vil seie det same som sist…