Kamprapport: 9. September 2008 mot Aurland/Lærdal 2

Rekordstor siger til BIL då Arnstein skåra sitt 100 mål.
Dei for anledningen kvitkledde BIL spelarane var totalt overlegne i kampen mot Aurland/Lærdal 2 og vann til slutt 13 – 0. Noko som truleg er den største sigeren til eit seniorlag frå BIL i historia.

Kampfakta:
BIL (3-5-2)
Geir Harkjerr
Gustav Nesse, Tommy Ese (kapt), Teodor S. Kvikne
Madushanka Perera, Eirik Thue, Johannes Nilsson, Ole Petter Haugstvedt, Roar Eriksen
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes,
Res: Magnus Algrøy, Senad Demirovic, Sondre Skrede, Anders Dale og Roy Kenneth Rendedal.

13-0 (6-0)

1 – 0 Roar Eriksen (4.min)
2 – 0 Øyvind Neset (15.min)
3 – 0 Ole Petter Haugstvedt (18.min)
4 – 0 Arnstein Menes (17 min)
5 – 0 Arnstein Menes (41.min)
6 – 0 Ole Petter Haugstvedt (45.min)
7 – 0 Arnstein Menes (50.min)
8 – 0 Øyvind Neset (68.min)
9 – 0 Ole Petter Haugstvedt (75.min)
10 – 0 Senad Demirovic (76)
11 – 0 Madushanka Perera (78.min)
12 – 0 Geir Harkjerr (83.min, str)
13 – 0 Madushanka Perera (88.min)

Dommar: Per Oddvar Lien, gjer stort sett ein god kamp. Er lite synleg, men bidreg ikkje til underhaldninga slik som Rømmen gjer på ein god dag…

Nok eit pliktløp stod på programmet for dei suvurene avdelingsvinnarane då tunnellkammeratane frå Aurland og Lærdal vitja Kreklingen. Heimelaget viste tidleg kven som var det beste laget og det var aldri nokon tvil om kor sigeren skulle havna i denne kampen.

Frå det flotte skuddet som gjekk i mål frå Roar Eriksen sin fot i det fjerde minutt til Madushanka fekk ballen servert på eit sølvfat i det 88.minutt, fekk det fultallige publikum sjå opp til fleire vakre mål. Kvelden sitt finaste var det truleg Ole Petter som stod for når han dribla seg forbi alt som var av blåkledde indresogningar og satte ballen sikkert til side for ein fortvila keeper.

Dette målet fekk skarp konkuranse frå Øyvind sitt mål når han fekk venda opp med ballen og small kula i nettet frå ca 20 meter. Og ikkje minst det fyrste målet til Arnstein, der ballen vart spelt på ein touch frå Teddy via Eirik til ein målsugen Mr Menes som gjekk på eit fint løp. Menes sin store son tok ballen perfekt på halvspretten og ballen fekk ein fin boge og gjekk i mål bake ein sjanselaus keeper.

Kvelden sitt lengste løp var det Geir som stod for då han gjekk fram og satte 12 – 0 sikkert i mål frå straffemerket. Ikkje tvil om at publikum fekk bra valutta for pengane, kanskje bortsett frå dei mange medlemane i skåringsklubben. 130 kr for ein kamp i 6,divisjon er heldigvis ikkje kvardagskost…

Summa sumarum er det imponerande å vinne 13 – 0. Særleg når ein ser at laget fortsatt har ein del å gå på når det gjeld samhandling. Det er ein del enkeltmannsprestasjonar av bra kvalitet, og i denne kampen kan ein og vere bra nøgd med utteljingen på sjansane.

Det blir spennande å sjå kva dette laget kan prestere i dei to kampane om kretsmesterskapet sienare i haust!


Spelarevaluering

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Kom inn på slutten og trilla litt ball i forsvaret..

Arnstein

Karakter: 7
Posisjon: Spiss
Mål: 3

Lagar tre mål. Er effektiv og gjer mykje bra. Alltid på hugget etter mål.

Eirik

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Har eit til tider fint samspel med Johannes. Slår nokre gode pasningar og er nær må eit par gonger. Held fortsatt nivået i massevis. Ikkje direkte rutinert å få gult kort for å sparke vekk ballen…

Geir

Karakter: 6
Posisjon: Keeper
Mål: 1

Har nesten ikkje noko å gjere på. Har eit par tv-redningar og er bra sikker når han får ballen i føttene.

Gustav

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane, forsvar

Er veldig rufsete i 1.omgang i lag med resten av forsvaret. Spelar seg opp når han kjem lengre opp på bana.

Johannes

Karakter: 8
Posisjon: Midtbane

Er i ein klasse for seg sjølv og manglar berre målet. Har eit medtak som ikkje er kvardagskost på Kreklingen. Får alltid med seg ballen. BB

Madushanka

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant, spiss
Mål: 2

Beviste nok ein gong at han ikkje meistra den krevjande kantrolla. Spelar seg stort opp som spiss og lagar to mål på slutten og kjem i tillegg til fleire sjansar.

Magnus

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Greit innhopp. Har lite å gjere når han kjem inn.

Ole Petter

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane
Mål: 3

Har no eitt mål i sin fyrste kamp, to i den andre og laga tre i sin tredje i dag. Kan me forvente fire i den fjerde? Viser målteft, men har mykje å gå på spelemesig.

Roar

Karakter: 7
Posisjon: Venstrekant
Mål: 1

Har funne seg bra til rette i sin venstrekant rolle. Lagar eitt fint mål og har fleire fine framspel. Jobbar heile tida godt.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant

Treff ikkje med passningane og gjer ein del feilval. Jobbar bra og er vanskleg å komme forbi.

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Målmaskina frå Bosnia…

Sondre

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar, venstrekant

Gjer eit godt innhopp. Har eit fint raid på kanten skapar ein mål for Madushanka. Spelar og bra som stoppar.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Rufsete til tider. Slit av og til med timingen. Umulig å komme forbi og offrar som vanleg alt.

Tommy

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Også han sleit uvanleg mykje med timingen. Er kanskje vanskleg å holde konsentrasjonen med så lite å gjere?

Øyvind

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 2

Lagar to mål og jobbar bra. Slit litt med touchen sin og kunne ha laga fleire mål på ein betre dag.