Kamprapport: 3. Juni 2008 mot Sogndal 3

Kampfakta:
BIL (3-5-2)
Kristian Kyrvestad
Magnus Algrøy, Tommy Ese (kapt), Teodor S. Kvikne
Sondre Skrede, Rein Arne Isane, Johannes Nilsson, Magnus Lidal, Roar Eriksen
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes,
Res:, Senad Demirovic, Madushanka Perera, Anders Dale og Roy Kenneth Rendedal.

3-0 (3-0)

1 – 0 Øyvind Neset ( 6 min)
2 – 0 Arnstein Menes (10 min)
3 – 0 Roar Eriksen (17 min)

Dommar: Magne Vårdal. Hadde ein bra kamp.

Med nye benkar på tribuna og strålande vær var det ei flott ramme rundt toppkampen mot dei tredje beste frå fruktbydga sitt flaggskip. Kampen var på mange måtar å rekne for ein tidleg opprykksfinale. SIL 3 låg som nummer to på tabellen før kampen og er kanskje den einaste verkelege utfordraren til BIL i kampen om opprykk til 5.divisjon.

Dei mange oppmøtte fekk sjå eit heimelag som varta opp med bra fortball i starten av den fyrste omgangen. Pasningane og løpa satt mykje betre enn i sist heimekamp.Det var særleg trioen Rein, Johannes og Roar som viste fine takter og dominerte til dels stort.

Dessverre for publikum virka det som om heimelaget hadde gjort sitt etter at 3 – 0 målet kom. Om det var varmen eller den tamme motstandaren som bidrog til dette skal vere usagt, men det vart lengre og lengre mellom høgdepunkta etter kvart som pausen nærma seg.

I motsetnad til sist BIL var i aksjon på Kreklingen nytta ein no sjansane som kom i starten av kampen godt. To mål på dei tre fyrste sjansane er absolutt godkjent.

Godkjent kan ein knapt kalla 2.omgang. Den var i det store og heile eit langt gjesp. SIL 3 hadde minst like mange sjansar som det heimelaget hadde og hadde fortent eit reduseringsmål.

Rett før slutt klarte Anders det kunststykke å bli utvist etter noko tull når han stilte seg i mur når SIL 3 fekk eit frispark like utanfor sekstenmeteren til BIL. Men så særleg underhaldande var ikkje akkurat den episoden.

I grunn så var det ”stand in” speaker Jarle som stod for det meste av underholdningen i 2.omgang. Han kunne opplyse om at Arnstein Sværen gjekk ut. For så å rette det til at Arnstein Menes gjekk inn når han faktisk hadde blitt bytta ut… Bra at nokon tok ansvar for å underholde publikum når dei på bana hadde tatt ferie.

Alt i alt var dette ein ganske enkel seier for det blåkledde heimelaget. Ein fekk vist kva som bur i laget i delar av fyrste omgang og ein har evna til å avgjere kampen tidleg. Utfordringen blir å prøve å spele godt lengre enn ein gjorde i denne kampen og stå på sjølv om ein ledar komfortabelt.

Det kan og vere ei utfordring å få laget til å vere betre organisert når ein gjer mange bytter på slutten av kampen. I avsluttningen av kampen var det ikkje alltid like lett å sjå kven som spelte kor.

PS! BIL held nullen for andre kamp på rad.


Spelarevaluering

Anders

Karakter: 4
Posisjon: Forsvar

Kjem inn på slutten og hadde eit par gode avklaringar. Virkar litt usikker og klare å bli utvist heilt på slutten.

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Litt flinkare til å slå dei rette pasningane enn sist. Fortsatt lite mobil, men når han går på løp så skapar han som oftast noko. Er på plass som ein goal getter skal når han lagar 2 – 0. Svir av eit par store sjansar.

Johannes

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Gjer få feil med ball og er drivande god i store delar av kampen. BIL slit ein del når både han og Rein går ut.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Keeper

Debuterer som keeper i 6.divisjon. Har lange og gode utspark og til tider flink til å rope at han har ballen. Fomlar med ballen ved ein del høver og har ein del å gå på når det gjeld å te rett val. Positivt at han held nullen.

Madushanka

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Har stort potensiale, men får ikkje vist seg skikkeleg fram i denne kampen. Ikkje heilt heldig med alle vala han gjer.

Magnus

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Blir ikkje sett heilt på dei store prøvane. Er i lag med resten av midtforsvaret sikker og god med ballen i den gode perioden til BIL. Etter kvart blir det litt smårusk.

Magnus

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Viser i smp glimt at han er ein bra spelar. Slit likevel litt med å markere seg i denne kampen.

Rein

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Vinn det meste av duellar og gjer heile tida noko fornuftig med ballen. Slår sikre og gode pasningar. Er god taktidsk. Det meste av spelet til BIL forsvinn når Rein og Johannes går ut. Alt i alt BB.

Roar

Karakter: 7
Posisjon: Venstrekant
Mål: 1

Har nokre flotte raid på venstrekanten og er stor i den gode perioden til BIL. Lagar eit flott mål og har eit strålande forarbeid til målet til Arnstein.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant

Er uvanleg anonym. Gjer ein god jobb bakover, men skaper nesten ingenting framover. Kan mykje betre.

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Venstrekant

Gjer eit bra innhopp. Kjempar god, men bør få noko meir ut av dei sjansane han får.

Sondre

Karakter: 6
Posisjon: Høgrekant

Er på hogget i starten av kampen. Har nokre fine løp og innlegg frå kanten. Får seg ein smell og må etter kvart ut.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Blir ikkje sett heilt på dei store prøvane. Er i lag med resten av midtforsvaret sikker og god med ballen i den gode perioden til BIL. Etter kvart blir det litt smårusk.

Tommy

Karakter: 5
Posisjon: Forsvar

Kaptein med pondus i både duellar og munn. Blir ikkje sett heilt på dei store prøvane. Er i lag med resten av midtforsvaret sikker og god med ballen i den gode perioden til BIL. Etter kvart blir det litt smårusk. Må ut med krampe.

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Lagar eit mål. Slit med å finne si rolle i laget i denne kampen. Kjem aldri heilt inn i kampen.