Kamprapport: 20. Mai 2008 mot Aurland/Lærdal 2

Kampfakta:
BIL (3-5-2)
Geir Harkjerr
Magnus Algrøy, Tommy Ese (kapt), Teodor S. Kvikne
Sondre Skrede, Rein Arne Isane, Johannes Nilsson, Magnus Lidal, Roar Eriksen
Bjørnar Gudmestad, Arnstein Menes,
Res: Øyvind M. Neset, Senad Demirovic, Madushanka Perera, Tor Inge Fedje og Roy Kenneth Rendedal.

5-0 (2-0)

1 – 0 Arnstein Menes (str, 27 min)
2 – 0 Roar Eriksen (39 min)
3 – 0 Øyvind Neset (66 min)
4 – 0 Øyvind Neset (75 min)
5 – 0 Madushanka Perera (86 min)

Dommar: Jarle Andersen. Dømte bra i ein lettdømt kamp.

Det var eit talrikt og forvntningsfult publikum som møtte opp på Kreklingen for å sjå bygda sine beste menn i kamp mot indresogningane frå samarbeidslaget Aurland/Lærdal 2. Ein solid bortesiger i sesongopningen og eit rykte om eit ungt og godt lag på gang har vore med på å bygge opp forventningane om heimelaget.

Forventningane vart i stor grad innfridd, samtidig som laget og viste at ein har litt å jobbe med framover. Defensivt spelte laget bortimot prikkfritt. Dei blå frå Aurland/Lærdal 2 skapte berre tre, fire sjansar i heile kampen. BIL skaper på den andre sida meir enn 20 målsjansar. Mange av desse sjansane kjem etter godt spel med fine kombinasjonar.

Skal ein sette fingeren på noko etter ein så pass solid kamp må det bli at laget sløste for mykje med sjansane. I tillegg vart ein del døballar utnytta heller dårleg. Det vart og til tider litt liten bevegelse framover og pasningane stemte ikkje alltid med løpa.

Det var liten tvil om kven som var det beste laget i denne kampen. Dei, for høvet, kvitkledde frå perla langs Sognefjorden tok tidleg eit solid grep om kampen og produserte sjansar som perler på ei snor. Dessvrre vart jakta på uteljing like resultatlaust som titteljakta for eit visst lag frå England sin vestkyst.

Etter nærmare ein halvtime med sjansesløseri kom målet etter den tiende målsjansen. Den svartkledde Sp-mann var i det gåvmilde hjørnet og gav ei straffe det lukta Rema 1000 av lang veg. Partikollega og fast straffetakar, Arnstein, takka for gåva og netta sikkert.

Johannes den yngre sine menn forsatte å produsere sjansar og fekk på ny utteljing i det 39. minutt. Då fekk herr Nilsson vist fram telefonkioskdriblingane sine før han avslutta med ein strålande pasning til Roar Eriksen som netta sikkert etter eit fint løp frå venstrekanten.

1.omgang enda med 2 – 0 til heimelaget. Dei 11 utvalte hadde gjennomført ein grei omgang utan å få spelet til å gli heilt på skinner. Trenarteamet bør ikkje vere heilt nøgde med to mål etter 17 målsjansar og ni kårnerar.

Etter kvilen kom bortelaget noko betre med i kampen og skapte minst ein stor sjanse som fort kunne skapt ny spenning i kampen. Heldigvis så klarte BIL, med innbyttar Øyvind Neset i spissen, å kjempe til seg initiativet i kampen igjen. BIL veteranen, Øyvind, brukte ca 10 minutt på å komme i gang, men var nesten ustoppleg i resten av omgangen.

Etter to fine mål av Øyvind var den eventuelle tvilen om kvem som skulle vinne vekke. Resten av omgangen vart ein spørsmål om kor mange fleire mål BIL skulle klare å få inn i nettet til den solide målvakten til A/L 2.

Det vart med det eine målet til Madushanka rett før slutt, men det kunne ha vorte fleire om ein ikkje hadde gjort ein del taktiske feilval. Kanskje like greit for alle dei 60 medlemene til skåringsklubben…

Alt i alt ein bra gjennomført kamp av BIL som lovar godt for resten av sesongen. Berre så synd at det berre er sju kampar igjen.


Spelarevaluering

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Flink til å halde på ballen og nettar sikkert på straffe. Er litt for lite mobil og kjem ikkje til veldig mange sjansar.

Bjørnar

Karakter: 5
Posisjon: Spiss

Jobbar greit. Er som sin spissmakker litt for lite mobil og kan verte flinkare til å gå på dei rette løpa.

Geir

Karakter: 6
Posisjon: Keeper

Er nesten ikkje borti ballen. Virkar sikker dei få gangane han er i aksjon og er flink til å snakke. Sleit litt med utsparka.

Johannes

Karakter: 8
Posisjon: Midtbane

Har to målgivande og står bak mykje av det offensive til BIL. Kjempar godt og vinn mange duellar. Har ein teknikk som ikkje høyrer heime i 6.divisjon. Kan til tider gå litt mykje med ballen. Alt i alt BIL sin beste.

Madushanka

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Spelar ein halvtime og utrettar mykje på den tid. Kjem til fleire sjansar og lagar eit mål. Har meir å gå på og virkar kanskje litt smårusten..

Magnus

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar

Spelar sikkert og godt. Blir skjeldan utfordra og tar seg greit av det som kjem. Viser at han har stort potensiale.

Magnus

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Litt ut og inn av kampen. Når han er inne viser han mykje bra. Har god teknikk og er bra i duellspelet.

Rein

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Spelar ein solid kamp og er stort sett sikker med ballen og vinn mange duellar

Roar

Karakter: 7
Posisjon: Venstrekant
Mål: 1

Opnar litt passivt og nølande. Spelar seg stort opp og har mange fine løp. Lagar eit flott mål og er sentral i eit av måla til Øyvind.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant

Bidreg med fart og vilje til å gå framover. Kjem seg meir inn i kampen etter kvart, Gjer ein del feilval med ball. Slo ein del innlegg på 1.berøring når han hadde betre tid.

Senad

Karakter: 6
Posisjon: Venstrekant

Gjer eit bra innhopp. Kjempar god og sler nokre gode langpasningar.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Høgrekant

Blir lite brukt den omgangen han spelar. Sterk i duellspelet, men kunne kanskje engasjert seg meir framover.

Theodor

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar

Stort sett full kontroll slik som resten av forsvaret. Flink til å snakke og var heile tida positiv.

Tommy

Karakter: 6
Posisjon: Forsvar

Dagens kaptein hadde få problem å bryna seg på i denne kampen. Flink til å snakke og virkar tryggare med ball denne sesongen.

Tor Inge

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Gjer ein grei jobb når han kjem inn. Vinn duellar og sler ballen vidare til betre plaserte spelarar. Var av og til litt ute av posisjon.

Øyvind

Karakter: 8
Posisjon: Spiss
Mål: 2

Lagar to flotte mål og er ein god kandidat til BB. Etter litt startvanskar spelar han seg inn i kampen og bidreg med gode løp som opnar forsvaret gong på gong.