Kamprapport: 15. Mai 2007 mot Aurland/Lærdal 2

Kampfakta:
BIL (4-3-3)
Kjell Rune Sværen
Roy Kenneth Rendedal, Ole Martin Høyrem, Kristian Kyrvestad, Tommy Ese
Øyvind M. Neset, Theodor S. Kvikne, Peter Førsund
Mohammed Taher Jano, Arnstein Menes, Senad Demirovic
Res: Martin Egil Fuglestad, Lars Jonas R. Pedersen, Tor Inge Fedje, Anders Dale og Kenneth Rosengren.

5-5 (2-5)

0-1 (10 min)
0-2 (12 min)
0-3 (20 min)
1-3 (30 min) Mohammed
2-3 (34 min) Arnstein
2-4 (43 min)
2-5 (45 min)
3-5 (51 min) Øyvind
4-5 (64 min) Øyvind
5-5 (85 min) Øyvind

Dommar: Hadde nok ikkje toppforma inne, men gjorde sitt til for underhaldninga.

Dette vart kampen som varma publikum og gav full valuta for pengane. No er det rett nok gratis å sjå på BIL sine kampar, men det er ikkje tvil om at det var ein underhaldande kamp som det småhutrande publikum fekk servert på denne kalde tysdagskvelden. Finspelet glimra stort sett med sitt fråvær, men solide taklingar, sugande løp, kjemping, tabbar og ein motstadar og dommar som både sa og gjorde mykje rart gjorde kampen til ei stor oppleving .

Fyrste del av 1.omgang fekk bortelaget trilla ballen utan at BIL gjorde noko særleg for å hindra det. Likevel fekk A/L 2 veldig godt betalt når dei leia 3-0 etter ca 20 minutt. Her må det nemnast at minst eit par av måla var store tabbar frå BIL si side. Etter denne kalddusjen forstod tydelegvis heimelaget alvoret og overtok spelet meir og meir. Eit kontant frisparkmål frå Mohammed og ein skåring av Arnstein etter bra spel gjorde kampen spannande igjen. Tydelegvis vart det litt for spannande for heimelaget som gav bort to mål til A/L 2 rett før pause.

Etter pause var BIL best heile omgangen. Øyvind vart omgangens store spelar med ekte hattrikk og mange sugandes løp. Blåtrøyene frå Balestrand hadde fleire store sjansar, men presisjonen i den avgjerande augneblinken svikta litt for ofte. Kampen vart og etter kvart prega av ein del taklingar over grensa som resulterte i ein del gule kort til begge lag og eit velfortent raudt kort til ein A/L 2 spelar rett før slutt.

At BIL berre fekk eitt poeng frå denne kampen er fyrst og fremst eit resultat av for dårleg defensivt spel og ein del tabbar. Laget bør likevel rosast for å vise god moral ved å komme attende gong på gong. Me får berre håpe på at fem mål er nok til å vinne neste kamp.

Spelarevaluering

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Venstreback

Er kontant og gjer det enkelt. Vinn dei fleste duellane han er innblanda i og virkar litt rolegare med ballen enn ved tidlegare høver.

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Er eit solid oppspelspunkt og skårar ein fint mål. Har nok sjansar til å avgjere kampen og kan i periodar gjere seg meir spelbar. Er eit stadig uromoment for motstandarane og er viktig for det offensive spelet til BIL.

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: 13

Har eit kjempeskudd i tverrliggaren, men er elles ikkje så mykje involvert.

Kjell Rune

Karakter: 3
Posisjon: Keeper

Har ein heilsvart 1.omgang. Meiner sjølv at han bør ta fire av måla. Det kunne virke som han var overtent. Feilfri i den rolege 2.omgangen.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Midtstoppar

Klarer seg bra fysisk og vinn dei fleste duellane. Har til tider plasseringsproblem og kan bli noko panisk når han har ballen.

Lars Jonas

Karakter: 7
Posisjon: Midtstoppar

Hadde han spelt 1.omgang hadde BIL vunne denne kampen enkelt. Er roleg med ballen og les spelet godt.

Martin Egil

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Har kvalitetar som er mangelvare på laget . Synd han ikkje spelte meir enn ca 20 min.

Mohammed Taher

Karakter: 4
Posisjon: Høgreving
Mål: 1

Skårar på eit flott frispark. Kjem seg til ein del sjansar i den omgangen han spelar, men er altfor heit i toppen når han skal avslutte. Viser seg frå si verste side når han begynner å kjefte og klage på medspelarane etter kvart som måla i mot trillar inn.

Ole Martin

Karakter: 4
Posisjon: 19

Lagets yngste om kanskje minst rutinerte. Har ein grei debut, men er noko uryddig i stilen. Taklar til tider bra, sjølv om han får eit fortent gult kort og lever farleg resten av kampen.

Peter

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Har kvalitetar som laget treng i teknikk og fart. Klarer ved dette høvet ikkje å markere seg slik som me veit han har potensiale til. Kjem seg aldri heilt inn i kampen. Slit og med presisjonen i passningspelet.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: 8

Klarer seg ganske bra. Rolegare med ballen, men har framleis litt å gå på når det gjeld presisjon og plasseringsevne. Vrien å komme forbi. Har ein stor sjanse til å skåre på slutten av kampen. Grei kamp.

Senad

Karakter: 4
Posisjon: 9

Spring og jobbar godt. Slit med å finne posisjonen sin og har for stor feilprosent på pasningane sine.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Kjempar som vanleg godt og er sterkt delaktig til at bortelaget ikkje får til noko midtbanespel. Har framleis forbetringspotensiale på ballbehandling og presisjon.

Tommy

Karakter: 4
Posisjon: 26

Vinn dei fleste duellane og viser vinnervilje. Slit til tider med ballbehandlinga og misser av og til på timinga i duellane. Får eit fortent gult kort.

Tor Inge

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Kjem inn i 1.omgang og er med på å snu kampen. Er framleis noko rusten, men gjer nokre fornuftige val med ball og vinn ein del duellar. Dett av lasset ut i 2.omgang og vert bytta ut.

Øyvind

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane, høgre ving
Mål: 3

BB. Etter ein ordiner 1.omgang blomstrar kapteinen opp som ein stjerneving etter kvilen. Skårar ekte hattrikk på tre perfekt tima løp. Har i tillegg fleire god løp og sjansar som burde resultert i endå fleire mål.