Kamprapport: 8. Mai 2007 mot Norane

Norane møtte me ikkje forrige sesong, difor var me litt spende på korleis denne kampen kom til å bli. Om me ikkje hadde møtt Norane på ei stund, var det desto lenger me hadde vert komfortable med grus under dei sarte beina våre. Strategien var Kick&Run etter klassisk BIL-spelemønster på 90 talet. Og for oss som var med i gamle dagar vart det nesten nostalgisk. Arnstein scora mål (som på nittitalet), og duellar som førte til steinplukking frå skorver den neste veka. For publikum var det kanskje ikkje stor underholdning - men for laget var det godt å få ein flying start på sesongen. Vi har ein misstanke om at det vert sterkare motstand me møter om ei veke...

Spelarevaluering

Arnstein

Karakter: 7
Posisjon: Spiss
Mål: 5

Scorar 5 mål, men brenn samtidig 2-3 hundreprosentsjansar, og hadde 2 åttiprosentsjansar. Mot bedre lag og tettare kampar kunne det vera avgjerande. Må jobbe med avslutningar og mottak. Likevel BB idag; held godt på ballen og er på riktig plass til rett tid.

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Med lagets beste kondisjon, og erfaring frå tida med grus på Kreklingen klarte han seg etter forholda bra, men løpsstyrken kjem bedre til sin rett på bedre underlag. Jobbar bra og er positiv.

Anders

Karakter: 5
Posisjon: 6

Grusbana passa Anders bra. Stort sett bra og tidleg oppe i duella, og holdt sida tett. Har god langpasningsfot, og hadde fleire fine krossarar. Tar han med denne strategien på kunstgras vert det bra!

Fredrik Smenes

Karakter: 4
Posisjon: Back

Kjempar bra, men det blir litt rufsete spel til tider utan at det får dei store konsekvensane. Har vist stor framgang, men manglar erfaring...

Tommy

Karakter: 7
Posisjon: Midtstoppar

Solid bakerst, og finn tonen med den nye partnaren. Har både rutine og er sikker i ballbehandlinga. Held praten i gang og er bestemt. Pustar Arnstein i nakken når det gjeld BB.

Tor Inge

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane
Mål: 1

Sjølv om det vert mål, er det tydleg at det manglar nokre treningsøkter før han er attende i god gamal form... Viser innsats og sjølv om han ikkje er like nådelaus i duellane som me veit han kan, bit han bra frå seg.

Peter

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Lita bane og grus er ikkje rette underlaget. Blir springande eindel i mellom, og får ikkje teknikken til å stemme. Likevel; jobbar bra og er positiv - prøver heile vegen og lukkast til tider.

Eirik Kvam

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Har fått trent litt lite pga. skader, men er på veg no. Kan bli mykje tøffare både i duellar og satsing. Får heller ikkje utnytta farten på den korte og smale bana. Med stabil trening kjem teknikken, så kjem sjølvkjensla og deretter vert ein litt tøffare...

Mohammed Taher

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Med den finslepne teknikken trivst han ikkje på underlaget og den vesle bana. Legg likevel ned ein grei jobb...

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Sentral midt

Taklar so det luktar svidd, og har kome seg på timingen. Kler knokkelkampen bra. Har litt å gå på i strategiske val - men med tanke på at det er ein ny posisjon er det slett ikkje verst.

Øyvind

Karakter: 6
Posisjon: Sentral midt

Årets kaptein spelte ein god kamp, og var den beste at trekløveret på midten. Har eit noko uortodoks mottak til tider, men det gjer at motstandaren vert heilt utspelt når det innimellom sitte. Bra holdning!

Roy Kenneth

Karakter: 6
Posisjon: Stoppar

Løpsmaskina, som har spelestil som kanskje liknar på ein ung Demirovic. Jobbar som ein helt, men har ein tendens til litt for mange soloraid og gambling med noko høg risiko.

Arve

Karakter: 5
Posisjon: 22

Fekk vel ikkje heilt til finspelet idag. Men står bra i kampen. Bra holdning. Litt uheldig med eit noko (tru det eller ei) ufortjent gult kort frå dommar Rømmen

Henning

Karakter: 4
Posisjon: Spiss

Ber preg av litt lite trening. Men bra er på hugget og med god innsats resulterer det i ein 90%-sjanse i belønning...

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Er litt usikker i feltarbeidet, men når han først trør til er har kongen på den campingplassen. Har etterkvart fått bedre utspel og er blitt god på å sjå alternative utspelsmoglegheiter. Hadde ein roleg dag på jobben.

Eirik

Karakter: 5
Posisjon: Spiss, midtbane

Gjer eit godkjent come back. Roleg og sikker med ballen. Er ein av få som faktisk treff på opptil fleire passningar. Skapar eit par sjansar med skåtfoten sin.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Back

Vinn mange duellar. Kjempar godt men er ikkje spesielt presis med avklareringar og passningar.

Rein

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Kjempar godt og vinn ein del duellar. Bra teknisk, men elles slit han og med presisjon og manglande iniativ.

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Back, midtbane

Stort sett ein grei kamp, klarer seg best som back. Slit, som resten av laget, med avklareringane og passningane.