Kamprapport: 18. September 2007 mot Sogndal 3

I dette som ville bli ein sekspoengskamp, slo desverre det allereie alt for godt kjende bortekampsyndromet til igjen. Likevel reiste vi til Sognaland, fulle i tru på at dette skulle kunne gå vegen. Når situasjonen var slik den var, hadde vi likevel nokre kort i ermet. Hans Olav gjorde årets første kamp, og ville utan tvil bidra med både rutine og vilje.

Kampen blei desverre ikkje slik. Godt trente Sogndøler fekk god plass på den store bana, og dei 12 balestrendingane kom alt for tidleg bakpå og mista den offensive haldninga. Småskada og sjuke spelarar måtte jobbe på skift for å halde ellve mann på bana.

Slik det pleier å vera møtte vi eit godt trent sogndal-lag, slik sogndal-lag pleier å vera på hausten... Og når Per Oddvar Lien frå Høyanger blåste av kampen stod det 6-0 i protokollen.

Spelarevaluering

Alexander

Karakter: 4
Posisjon: Sentral midt

Kjem inn og gjer ein relativt bra jobb på midten, men overmakta vert for stor.

Anders

Karakter: 3
Posisjon: Back

Likar seg best på små baner, men vert utfordra gang på gang på sida si på den store bana.

Arnstein

Karakter: 4
Posisjon: Spiss

For få mål, men har heller ikkje mange moglegheitene...

Hans Olav

Karakter: 4
Posisjon: Back

På tross av lite trening, held han bra tett på backsida si.

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Spelar med stålknottar og viser til tider klasse, men stort sett på det jamne

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Får tidleg mål i mot, og mister då ein del tryggleik og sjølvkjensle. Likevel ein god grunn til at det ikkje vart tosifra.

Lars Jonas

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Slit med plasseringa på den store bana. 6 mål imot gjev heller ingen toppscore

Magnus

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Ikkje toppkamp av ungguten dette. Vert tilogmed fråsprungen i iaffal ein situasjon

Mohammed Taher

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Slit med helsa gjennom kampen, og må ta telling til tider. Likevel god teknikk og arbeidsmoral.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Back og Midt

Jobbar so berre det, og kjempar kampen gjennom.... BB

Senad

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

På det jamne...vert prega av kampbildet som alle andre

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Er glad i frammover, men likar ikkje å rygge.... Vert for ofte ståande atte oppe.