Kamprapport: 11. September 2007 mot Hafslo

Haustkvelden starta med pomp og prakt. Karadn frå Balestrand stod i stiv givakt saman med motstandarane medan Haflso IL heidra sine beste ungdommar med stipend so skal hjelpa dei opp og fram. I det heile var det ei fin ramme hafslobøgdingane hadde stelt i stand denne kvelden.
Balestrand hadde sjølv eit greit lag på papiret, men det store spørsmålet var om kven som skulle fylle plassen når spydspissane ikkje var med. Det viste seg at dei hadde eit ess i ermet, då trenaren likagrait sette seg sjølv inn som spiss - medlemane i scoringsklubben hadde vel ikkje den store frykta for at rekordutbetaling denne kvelden...
Første omgang byrja slik som dei fleste førsteomgangar har begynt i år. Balestrand hadde høvele bra spel, med eit lite tak om kampen. Men intervalløktene har det vel skorta på hjå mange av spelarane i år - så etter eit kvarter går mykje av lufta ut av laget. Hafslo puttar lett to greie mål og ser ut til å ha full kontroll...noko dei har heilt til managarane frå turistbygda tek eit strategisk grep; begge managarane opp som giftige spissar...
Det gjev raskt resultat og stemninga stig på Hafslo stadion når det brått står 2-2 etter at spydspissen frå sverige set inn to kjappe. Balestrand er i siget.
Men nok ein gang vert ein innhenta av faktumet som treningsoppmøtet viser i år. For få treningstimar, gjer at også andre omgang etterkvart vert dominert av hardtarbeidande Hafslobøgdingar. Ikkje lenge etter opphentinga kjem 3-2, og etterkvart står det 6-2 og Balestrendingane står med lua i handa og haustmørket senkar seg over Hafslo stadion. Når ein kampen er kjørt 6-2 og mørket gjer at ein ikkje ser frå eine til hi sida av bana set Arve for sikkerheitsskuld inn ei takling som gjer at den svarte mannen med korta tek opp eit raudt. Dommar Per Barsnes hadde ein god dag på jobben, og på det jamne var nok dømminga ein del hakk høgre enn spelet Balestrendingane til tider presterer.

Spelarevaluering

Alexander

Karakter: 4
Posisjon: Sentral midt

Kjem innpå når kampen i seg sjølv er køyrt. Kan lite gjera, men kjempar bra i duellane. Lynhissig på ein corner...

Anders

Karakter: 4
Posisjon: Back

Jamnt spel...men slit litt med avklaringane på graset. Har eit par fine raid og driblar seg fri - men misser i avleveringa ved desse høva.

Arve

Karakter: 3
Posisjon: 22

Ikkje sin livs kamp dette. Mistar fokus tidleg i kampen, og kjem aldri heilt i det igjen. Får både gult kort og direkte raudt. Glimtar likevel til i medgangsperiodane.

Johannes

Karakter: 6
Posisjon: Midt og spiss
Mål: 2

BB nok ein gang. Har fint overblikk og spelar jamt. Viser også goalgetterferdigheiter ved å putte to kjappe. Vert sliten på slutten.

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Midt

Slit med å komme inn i kampen, og møtet med ei god hafslomidtbane... Viser glimtvis kva som bur i han.

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

6 mål baklengs er ikkje bra, sjølv om ingen er direkte hans feil. Bør og kan med sin fysikk vera kongen i feltet med litt meir aggressivitet.

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: Back

Slit med farten, men nyttar håvet og ryddar i mange høver. Ein av få med tolmodigheit i forsvar.

Lars Jonas

Karakter: 4
Posisjon: Spiss

Med tre assist vert det likavel ikkje mål på dagens spissdebutant. Gjer soleis ikkje jobben...

Magnus

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Vart noko beskjeden mot brautande gulingar. Tilogmed litt usikkerheit å spore. Ikkje ein kamp som passar ungguten.

Olafur

Karakter: 4
Posisjon: 21

Svir av mykje kòl, men er overivrig og vert spelt ut ved alt for mange høver. Set også ein ferdigscora ball rett på keeper. Men alltid eit arbeidsjern å rekne med.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Stoppar

Luktar på BB, men med 6 mål bakover er det vanskeleg å forsvare det for ein midtstoppar. Kjempar og blør verkeleg for drakta...

Senad

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Gamlefar sleit med underlaget. Likevel kondis som ein tenåring og god haldning. Har giftige raid i plussperiodane.

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Ving

På trass av god innsats vert han som mange andre vert han litt vel enkelt utspelt og sel seg billeg.

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Midt

Presterer på det jamne, og har vel ikkje heilt dagen. Likevel ein av dei bedre idag.