Kamprapport: 4. September 2007 mot Aurland/Lærdal 2

Kampfakta:
BIL (4-4-2)
Kjell Rune Sværen
Roy Kenneth Rendedal, Magnus Algrøy, Lars Jonas R. Pedersen, Kristian Kyrvestad
Senad Demirovic, Arve Sjøthun, Arne Isan, Sondre Skrede
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes,
Res: Kenneth Balevik Rosengren, Alexander Gjermundstad, Anders Dale og Olafur Nesse.

3-2 (0-0)
1-0 (Arnstein 51 min.)
1-1 (str, 57 min.)
2-1 Arnstein (58 min)
3-1 Olafur (60 min)
3-2 (63 min)

Dommar: Torstein Kvam frå Årdal var veldig god i 1.omgang, men ikkje heilt på hugget ved nokre høver etter pause. Gav eit tvilsomt straffespark til A/L 2.

BIL forsette med å vise solid heimeform med ein noko heldig siger mot samarbeidslaget frå Aurland og Lærdal. Kampen var spennande, til dels underhaldane og både målrik og sjanserikt, slik som det ofte har vore mot Aurland/Lærdal 2 i dei siste kampane.

Fyrste omgangen enda utruleg nok 0-0. Det skuldast i stor grad særdeles inneffektive spissar til heimelaget, som ved dette høvet stilte i kvite drakter, og eit par klasseredningar frå Kjell Rune

Øyvind hadde minst ein kjempejanse som burde gitt utteljing, men det største syndaren var nok kanskje ordførarkandidaten Arnstein. Den vanlegvis så sikre Mr Menes bomma på eit straffespark etter ca 18 minutt. Dette såg ut til å prege han resten av omgangen for avsluttningane var ikkje av vanleg standar.

Tunnelkarane frå Indre Sogn var ikkje ufarlege i denne omgangen, men det var fyrst og fremst heimelaget som hadde spelet og sjansane. Sjansane kom dog mykje takka vera veldig svakt forsvarspel av A/L 2. Det var faktisk ein aldri så liten prestasjon av BIL å ikkje skåre mål i denne omgangen.

Andre omgang betra effektiviteten seg for Menes sin store son og disiplane til Lars Jonas. Etter 51 min. var Arnstein påpassleg frampå og satte ballen kontant i mål etter litt sammarbeidsproblem i forsvaret til samarbeidslaget. Dessverre kom utlikninga berre 6 min. etterpå etter eit billig straffespark.

Men nesten direkte frå avspark tok mannen i front for både Sp og karadn til Lars Jonas fram eit triks som me skjeldan har sett på Kreklingen. Toppskåraren til BIL satte nemleg ballen elegant i mål med helen! Dette kom berre eit par min. etter at Hans Olav, frå VIP-tribuna, hadde komentert at Arnstei har ein lei tendens til å bruke helen.

Det verka i denne perioden som at ketsjupefekten for alvor gjorde sin efekt. For berre to min. etter 2-1 kom 3-1. Denne gongen var det Olafur, som kom inn etter pausen, som fekk ballen i mål. Målet kom etter flott forarbeid av Øyvind der han drog seg forbi på venstrekanten og sentra fint inn til ein framstormande her Nesse. Han klarte i fyrste omgang å delvis bomme på ballen men fekk til slutt på eit eller anna vis ballen i mål. Godt kjempa av mannen med dei mange jarna i elden!

Målraset, som varte i 12 min, vart avslutta berre tre min. etterpå av ein soloprestasjon, som hadde vore Maradonna verdig, av ein til då heller anonym A/L 2 spelar.

Resten av kampen bølga spelet fram og tilbake. Men BIL fekk større og større problem med å henge med etter kvart som formasjonen og kreftene svikta. Til slutt så var det berre dårlege avsluttningar, flaks og ein god Kjell Rune som hindra utligning.

Det var ein grei kamp frå heimelaget si side, men ein gjer det unødvendig spennande på slutten pga dårleg effektivitet og ein del slurv. Det er betenkleg at ein fell så pass saman på slutten av kampen. Er det dårleg kondisjon? Eller kanskje det var andre faktorar som spelte inn?


Spelarevaluering

Alexander

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Kjem inn i ein periode der BIL jagar ballen mykje og det var tydeleg at det ikkje var heimedebutanten si styrke.

Anders

Karakter: 5
Posisjon: Back

Gjer ein grei jobb der han spelar på det han er god på. Kontant og stort sett bra plasseringsevne.

Arnstein

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 2

Lagar to fine mål, det siste var med eit fint helspark, skulle likevel hatt minst to til. Brukar heile fyrste omgangen til å skyte seg inn. Bommar blant anna på eit straffespark etter 18 min. Er viktig for laget, men me har sett han i ei meir topptrimma utgåve tidlegare.

Arve

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Jobbar godt og viser prov på bra teknikk. Vart savna når han gjekk ut.

Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Har nokre fine involveringar framover. Viser stor framgang teknisk. Må verte flinkare til å jobbe heimover…

Kjell Rune

Karakter: 7
Posisjon: Keeper

Har eit par kjemperedningar, særleg var den på eit frispark i 1.omgang imponerande. Var stort sett trygg og god. Vinn kampen for BIL med si insats på slutten av kampen. BB

Kristian

Karakter: 4
Posisjon: venstre back

Har problem med plasseringen på backen og blir litt for mykje rundingsbøye fordi han ikkje kjem oppi mannen.

Lars Jonas

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar og kaptein

Ikkje heilt på topp. Rotar litt med ballen og er ikkje godt nok oppi mannen sin ved ein del høver. Er likevel veldig viktig for laget.

Magnus

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Gjer mykje bra i debutten sin. Viser at han har eit bra potensiale sjølv om han blir utspelt ved eit par høver. Er roleg med ballen og prøver å vere konstruktiv.

Olafur

Karakter: 5
Posisjon: 21
Mål: 1

Lagar eit mål, sjølv om det er litt uklårt kva for kroppsdel som vart brukt for å lage målet. Har veldig mykje å gå på når det gjeld ballbehandling.

Rein

Karakter: 7
Posisjon: Midtbane

Jobbar godt og er flink til å vinne ballen. Gjer og ofte gode valg når han har ballen. Verkar betre trent enn tidlegar.

Roy Kenneth

Karakter: 6
Posisjon: Høgreback

Har stort sett kontroll bakover. Viser nokre gonger bra ballbehandling, men gjer fortsatt nokre feilvalg. Kjempar som vanleg godt.

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Blir nesten ikkje brukt sjølv om ha har fleire gode iniativ. Jobbar bra og hadde kanskje fortent meir speletid.

Sondre

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Gjer ein bra innsats, men får ikkje til i dei avgjerande situasjonane. Står på og jobbar godt og bidreg med løpsstyrke så lenge han spelar.

Øyvind

Karakter: 7
Posisjon: Spiss

Er som vanleg flink til å gå på dei rette løpa. Er sterk i duellane og skapar mukje på egnhand. Er ikkje kald nok framføre målet, mottaket satt betre enn på lenge.