Kamprapport: 28. August 2007 mot Norane

Ein kamp, som nok ikkje var den mest underhaldande for verken publiken eller spelarane. Med sterk vind, småregn, grus under beina og ball frå starten av 90 talet var ikkje rammene heilt dei ideelle... Men noko som var mykje beitre enn tidlegare kampar mot Norane var, ja nettopp, Norane. Med 12 nyinnkjøpte veltrente hingstar med rutine i stallen - og ein Fardal som manager møtte vi eit nytt lag sett ifh. til kampane tidlegare i år, og det var tidleg klart at kampen ikkje vart den same målorgien som dei to oppgjera tidlegare i år.

Kampen vart prega av lange ballar og duellspel, utan noko særleg spel. I mellom taka vart det likevel mål. Vi tok leiinga 1-0 etter 20 minutt. Muhammed fiksa den biffen, og eg trur Øyvind hadde assist. Vidare gjekk Balestrand opp til 2-0 ved Arnstein, som smilte bredt :-)

Så tok Norane over showet - jobba og spelte vel fotball til tider også på det krevjande underlaget. Vi vart utspelt og vips var det 2-2. Endeleg vakna vi, og putta eit til, på noko som truleg var sjølvmål - men vi krediterer det til Arnstein, som sjølv meinte det var hans, trur eg. Om ikkje anna får ein tolke det som eit mål vha lobby-verksemd...

Dette vart også sluttresultatet. Både vi og Norane hadde nokre farlege sjansar gjennom heile kampen - utan at #29 vart overlista...

For sikkerheitsskuld sikra ein noranespelar sitt andre gule etter ein sein grusfresar i siste minutt av kampen. Balestrand gjekk gjennom kampen utan kort frå dommar Lien frå Høyanger Han hadde ein heit grei dag på jobben - sjølv om innkasta til tider vart dømde litt i hytt og gevær.

Spelarevaluering

Alexander

Karakter: 4
Posisjon: Sentral midt

Har vert ute ei stund, og ber litt preg av det. Sel seg billeg, og vert utspelt ved ein del høver - men kjempar og jobbar bra...

Anders

Karakter: 4
Posisjon: Back venstre

Har stort sett gode avklaringar, men slit litt med den vanlegvis solide foten... Blir også til tider utspelt av kjappe Nør.

Arnstein

Karakter: 5
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Gjer jobben med to mål, men bidreg litt lite som førsteforsvarar og i det defansive duellspelet.

Henning

Karakter: 6
Posisjon: Ving / sentral midt

Den med best ballkontroll og basisferdigheiter i dag. Spelar sentral midt siste del... Jobbar også bra, men har ein del å gå på når det gjelde å trø til i taklingane

Kenneth

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Attende til fotballen etter ein sommar med piker, vin, sang og kassa på Coopen... Ber preg av litt lite trening, og hadde ikkje det vanlege tverrliggarskotet. Kjem seg etterkvart.

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Reddar oss ved 4-5 høver og er der han skal vera. Kan verta enda meir myndig i feltarbeidet.

Kristian

Karakter: 5
Posisjon: Stoppar

Grei dag på jobben, utan at ein utmerkar seg verken positivt eller negativt. Som alle andre slit han med underlaget, noko som er litt meir kritisk i bakerste ledd

Lars Jonas

Karakter: 4
Posisjon: Stoppar

Har det i kjeften, men rotar i meste laget... Ellers lite involvert. Har stort sett bedre mottak enn Øyvind, om ikkje anna

Mohammed Taher

Karakter: 6
Posisjon: Spiss
Mål: 2

Årets beste gruskamp. Klarer stort sett å kontrollere tempramentet - og har mange fine raid. Er flink til å halde på ballen og er kreativ... Blir spanande å sjå om framgangen viser på Kreklingen om ei veke.

Olafur

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Spring mykje og bra... Ber likevel preg av manglande balltrening. Slit med både pasning og mottak... Men absolutt pluss for mykje springing og aggresivitet.

Roy Kenneth

Karakter: 7
Posisjon: Stoppar / sentral midt

Jobbar og ofrar seg som vanleg. Får juling og må ta telling nokre minutt, men kjem atte - sjølv om jekslane har smakt på fotballsko frå Norane. Spelar til tider med litt vel høg risiko og litt få passningar. Likevel BB idag...

Senad

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Ein av få med seniorerfaring frå Kreklingengrusen. Trivst likevel ikkje heilt på grusen, men jobbar bra. Skulle nok vert brukt mot slutten for å sikre sigeren, men fekk lite speletid. Passar bedre på større bane.

Tor Inge

Karakter: 4
Posisjon: Sentral Midtbane

Spelar ein grei kamp - og jobbar bra, utan å utmerke seg.

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Ving / sentral midt

Kjempar bra, men er kanskje den som minst passar til ei trang sandkasse i stiv kuling... Mottaka var som vanleg, men er ein trufast fighter.