Kamprapport: 14. August 2007 mot Sogndal 3

Kampfakta:
BIL (4-3-3)
Kjell Rune Sværen
Roy Kenneth Rendedal, Kristian Kyrvestad, Lars Jonas R. Pedersen, Anders Dale
Arve Sjøthun, Teodor S. Kvikne, Johannes Nilsson
Øyvind M. Neset, Arnstein Menes, Sondre Skrede
Res:, Henning Skåden, Tommy Ese, Tor Inge Fedje, Rein Arne Isan, Espen Midttun, Mohammed Jano Taher og Olafur Nesse.

2-0 (1-0)
1-0 (Øyvind, 5 min.)
2-0 (Mohammed, 70 min.)

Dommar: Torstein Kvam frå Årdal hadde som vanleg god kontroll på kampen.

BIL fekk ein fin start på haustsesongen med ein fortent siger mot unggutane frå Sogndal 3 tysdag. Med dette så kraup dei og opp i ryggen på SIL 3 på tabellen og vert dermed ikkje liggandes i ingemannsland.

Det var heimelaget som starta kampen best og hadde eit solid grep på kampen i fyrste halvdel av omgangen. Øyvind var frampå alt i det femte minutt med eit innlegg som gjekk rett i mål. I dei påfølgande 20 minutta spelte heimelaget til tider bra. Den nye spelande trenaren, Johannes Nilsson, fekk vist fram mykje bra på midtbana i denne perioden.

I slutten av omgangen kom dei kvitkledde frå regionsenteret meir inn i kampen utan at dei skapte dei heilt store sjansane.

Andre omgang start mykje slik som fyrste omgang slutta. SIL 3 hadde ballen mest men var stort sett tannlause i angrep. Etter kvart tok BIL meir og meir over og når 2-0 målet kom i det 70. minutt var det heilt greit. Resten av kampen hadde dei blåkledde full kontroll på og kruste inn til ein grei siger.

Kampen bar tydleg preg av at dette var to lag som hadde feriert godt. Tempoet og presisjonen var ikkje all verden og på slutten av kampen såg det ut som om det var fleire spelarar som lengta på at dommaren skulle ”gjere slutt ”på pinsla.

Likevel så var det ein del positive moment å ta med seg for heimelaget i denne kampen. Laget vinn på ein dag der dei ikkje spelar opp mot sitt beste. Svenskeimporten viste seg som ein veldig god spelar som truleg vil verte endå betre når han lærere seg lagkammeratane betre å kjenne. Og så lovar det godt at ein avsluttar kampen forholdsvis bra etter ein noko tung periode midtvegs i kampen.

PS! Sjekk kva SIL si heimeside skreiv om kampen. Det er tydeleg at ein fotballkamp ikkje blir tolka likt av alle…


Spelarevaluering

Anders

Karakter: 4
Posisjon: 6

God på dei lange pasningane men hadde store problem med dei korte. Treffe tverliggaren med eit frisparket som fører til 2-0.

Arnstein

Karakter: 4
Posisjon: Spiss

Har ikkje spelt mykje fotball etter skaden sin før ferien og det viser seg tydeleg i ein del situasjonar. Er litt nølande og er ikkje oppi situasjonane slik som han pleier. Får ein del vansklege ballar å jobbe med.

Arve

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane

Opnar kampen ganske bra og er god i den perioden BIL er berst. Får problem med leggane og forsvinn meir og meir ut av kampen får han vert bytta ut rett før pause.

Espen

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Bra med ball og jobbar godt. Lykkast ikkje med alt han prøvde på.

Kjell Rune

Karakter: 5
Posisjon: Keeper

Har lite å gjere, men stort sett sikker dei gongane han må i action.

Kristian

Karakter: 5
Posisjon: Midtstoppar

Som vanleg god i duellspelet, men slit fortsatt med avklareringane.

Theodor

Karakter: 5
Posisjon: Midtbane, back

Gir som vanleg alt i duellane, men vinn ikkje like mangen av dei som han pleier og slit til tider med presisjonen.. Finn seg ikkje heilt til rette på midtbana. Får vist seg fram frå ei betre side når han spelar høgreback etter pause.

Tommy

Karakter: 6
Posisjon: Midtstoppar

Spelar andre omgang og gjer eit solid innhopp. Vinn alt av duellar og er roleg med ballen. Presisjonen er og til tider betre enn på lenge.

Sondre

Karakter: 4
Posisjon: Ving, midtbane

Er poteta i laget. Spelar på begge vingane og gjer og ein innsats sentralt på slutten av kampen. God innsats, men lykkast litt for lite med det han prøver seg på.

Roy Kenneth

Karakter: 5
Posisjon: Back

Har bra kontroll på si side og prøver seg framover og. Tar til tider litt for store sjansar.

Øyvind

Karakter: 5
Posisjon: Ving, midtbane
Mål: 1

Står på som vanleg, vinn mange duellar og har nokre farlege løp. Skårar eit heldig mål.

Tor Inge

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Gjer ein grei innsats utan å sett sitt preg på kampen. Har ein del meir å

Henning

Karakter: 4
Posisjon: Ving

Får ikkje heilt vist det som bur i han. Er ikkje heilt heldig med timingen til tider.

Rein

Karakter: 4
Posisjon: Midtbane

Må gi seg nesten med ein gong pga problem med ankelen.

Johannes

Karakter: 6
Posisjon: Midtbane

Fekk vist at han har betre teknikk enn dei fleste som var på bana. Jobbar godt og er stort sett sikker i passningsspelet. Ikkje vanskleg å sjå at han kjem frå eit høgre nivå. Var alt i alt BIL sin beste.

Olafur

Karakter: 5
Posisjon: Ving

Viser ein innsats som står til 10 dei minutta han spelar, men han gjer veldig mykje rart med ballen.

Lars Jonas

Karakter: 6
Posisjon: Midtstoppar

Dagens kaptein har stort sett full kontroll på spissane til SIL 3. Prøver seg og eit par gonger framover etter pause.

Mohammed Taher

Karakter: 5
Posisjon: Spiss
Mål: 1

Lagar eit mål og skapar nokre sjansar. Har fortsatt litt å gå på når det gjeld å vurdere rett.